
Vi har no fått sett over Georeg-listene etter vintertrimmen, og blant dei som klarte kravet for ekstrakonkurransane i dei forskjellige klassane vart fylgjande vinnarar trekte ut:

Ein av postane klasse 0-6 år skulle gå til for å vere med i sommartrimmens ekstrakonkurranse, var Florrinden(Tveita). Turgåarar har varsla oss om at denne posten er vanskeleg å gå og dårleg merka. Florrinden vert difor erstatta med Stemma i ekstrakonkurransen.

Erling Fivelsdal og Kåre Tveit har produsert nok eit forseggjort stykke trearbeid til gode for alle turgåarar i bygda vår. Sittebenken med overbygd tak er plassert like ved Karibenken, på toppen av Prestegardsstien mot Sollibotn.

Kontingenten er den same som i fjor, kr 300,- for enkeltmedlem og kr 500,- for familiemedlemskap. Faktura kan betalast i nettbank, med visa eller med Vipps. Forny medlemskapet og hjelp oss med sunn, vidare drift!

Gjer deg klar for årets sommartrimsesong! I ekstrakonkurransane vert gåvekort på kr 1000,- trekt ut tilfeldig blant dei som klarar kravet i kvar klasse. Sjå konkurransane under:

Rundt årsskiftet var det tid for ein ny runde med motorsag og ryddesaks på frisbeegolfbana. Det gror usedvanleg godt her hos oss, noko som gjer framkommelegheita tidvis vanskeleg om ein ikkje ryddar jamnleg.

Rundt 35 hardbarka born, ungdomar og vaksne stilte opp for å delta på årets nissemarsj. Klårt, vindstille og ei bitande kulde utgjorde rammene denne kvelden, og sjeldan har kakaoen varma like godt etter tilbakekomst.