KOMANDE ARRANGEMENT 2025:

1.MAI-TUREN

VASSVERKET OPP 10.MAI KL 12

EIVINDVIK CUP 14.JUNI KL 11

EIVINDVIK CHALLENGE 23.AUGUST KL 11

 

 

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Totalt 24 små og store medlemmar møtte opp på årsmøtet til idrettslaget i dag. Under får de ei kort oppsummering av viktige saker som vart drøfta:

Vi gjekk først gjennom årsmeldinga for fjoråret. I tillegg til å gjennomføre fire arrangement og tilby eit assortert utval av treningsaktivitetar, har vi fått rydda rundt frisbeegolf-bana, bygd ny "Bukkene Bruse"-bru, bygd ny trapp opp til garderobeanlegget på idrettsbana og rydda rundt og i stiar og turvegar vi har ansvar for.

Idrettslaget hadde i fjor eitt fotballag under sine venger, 1.-2.klasselaget under rettleiing av Halvor Elde. I tillegg har enkelte medlemmar representert oss i diverse løp og konkurransar rundt omkring i landet. Fjelltrimmen har gått sin vante gang, mange har delteke her som vanleg. 

Una Prestegaard, med hjelp av fire dyktige jenter frå mellomsteget ved Eivindvik skule, arrangerte eit 3-dagars turn-kurs for born i alderen 4-9 år. 

 

På starten av fjoråret forlenga vi avtalen med Gulen kommune om ansvar for vedlikehald og merking av dei fem "Kystarv"-stiane i vår krets. Den nye avtalen inneber at kommunen betalar oss kr 10 000 årleg for dette ansvaret. I tillegg fekk vi tildelt ein eingongssum på kr 5 000 til innkjøp av utstyr til framtidig vedlikehald. Desse pengane er investert i ein kantklyppar som lånast ut om nokre ynskjer å bidra til lett vedlikehald av turstiane våre. Klypparen står hos Gunn Birknes. 

 

Som ei stor fjær i hatten for alle oss i idrettslaget, fekk fjelltrim-opphavskvinne og mangeårig leiar av trimgruppa Tove Rutledal tildelt den høgthengande Gulatingsprisen for 2024. Prisen var på kr 10 000 samt ein flott diplom, og vart utdelt på ei høgtideleg tilstelling på Skjerjehamn før jul. Vi gratulerer så mykje!

 

Idrettslaget hadde i fjor 227 medlemmar, ein oppgang på 3 personar frå 2023. 

 

Etter at årsmeldinga var gjennomgått, gjekk Maike gjennom rekneskapen for 2024. Grunna seint mottak av dokumenta, endring av rekneskapskontor og nokre postar som ikkje har vore med i rekneskapen før, vart ein einige om å la kasserar gjennomgå tala i ro og mak i etterkant av møtet for å finne ut nøyaktig korleis vi kom ut av fjoråret økonomisk.

 

Una sto deretter for utdeling av fjelltrim-medaljar og jubileumspremiar, før Kjetil informerte om nettsida vår og planlagde arrangement i 2025. 

Årsmøtet vedtok å halde medlemskontingenten på same nivå som før, kr 300 for enkeltmedlemskap og kr 500 for familiemedlemskap. Summane var oppe til debatt, det var fleire som meinte det kanskje ville vere riktig å auke kontingenten, men fleirtalet enda til slutt på å fortsette som før.  

 

Frode Håvåg takka for seg som leiar av banenemda etter ein mannsalder, det same gjorde nestleiar Halvor Elde(etter ein kvart mannsalder). Styret hadde kjøpt inn kvar si korg med godsaker frå Tveita Gardsmat som takk for framifrå innsats til begge to. Ny nestleiar vert Anne Karin Derås Haveland, ny leiar i banenemda vert Anders Napsøy Indrebø. 

 

Som avslutning på årsmøtet vart det gjennomført to rundar bingo med flotte premiar. 

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com