Ole Indrebø har teke på seg å renovere Bukkene Bruse- brua mellom Vassverket og Rimmane. I den samanheng treng han hjelp til å få materialen opp. Han og Gunn har bore alt til krysset Dagsturhytta/Rimmane. Kan nokon bære det vidare bort/opp til brua snarast? Oppboren material kan leggast fint attmed materialen som allereie ligg der.
Totalt 73 personar greidde poengkravet i årets vintertrim. Nytt av året er at diplomar heretter kun vert delt ut til dei som har klart kravet og er i aldersgruppa 0 år t.o.m. 10.klasse. Sjå vinnarar av ekstrakonkurransane inni artikkelen!
På vegne av Gulen kommune informerer EIL om bygdemøte 30.mai. Her skal idear rundt utvikling av Eivindvik sentrum drøftast med innbyggjarane, har ein eigne idear må det meldast innan 27.mai. Ei potensiell avgjerd for kva prosjekt ein går for kan fattast allereie på møtet. Møt opp og sei di meining! Ytterlegare info finn de i artikkelen.
15. juni kl 11 går startskotet for årets Eivindvik Challenge. I denne artikkelen finn du utfyllande informasjon om arrangementet, mellom anna påmeldingsinformasjon, konkurransereglar og krav til innlevert samtykkeskjema for deltakarar under 18 år.
Årsmøtet omhandlar vanlege årsmøtesaker som årsrapport, val, rekneskap mm. I tillegg kjem Helene Fraas frå Vestland idrettskrets for å snakke om korleis ein bør gå fram når ein vil søke om anleggsmidlar. Saklista ligg i artikkelen.
14 deltakarar stilte til start i konkurranseklassen av årets Vassverket Opp, gledeleg nok deltok heile 9 av dei i guteklassen. Jenteklassen var i år som i fjor diverre utan ein einaste deltakar.
Eivindvik idrettslag må flytte årets utgåve av Eivindvik Cup frå 24.august til 31.august. Årsaka er at kommunen planlegg ei storstilt jubileumsfeiring av Gulatingstaden på den opprinnelege cup-datoen.
Laurdag skipar vi til vårt tradisjonsrike motbakkeløp mellom Prestekaia og Vassverket nok ein gong. Oppmøte i vegen ovanfor kaia for påmelding og utdeling av startnummer seinast 11.40!
Byrjinga på dagen var regntung, men heldigvis letta det fint opp til turstart kl 12.00. Totalt 36 personar deltok, av desse var heile 14 born.