BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

20 spente lag stilte til start i årets konkurranse, nokre med svært fantasifulle antrekk medan andre hadde lagt alt fokus på komfort og konkurranseaspektet. 

I dameklassen var heile 14 lag påmeldt, herre- og mix-klassen var så vidt store nok til at vi fekk delt ut alle medaljane. 

Presis kl 11 gjekk startskotet, laga henta konkurransekart, la planar for løpet og sette seg på syklane.

 

Nytt av året var at Nordgulfjorden Sanitetslag stilte med kiosk i målområdet. Dette var svært vellukka og førte mellom anna til at antalet besøkande gjekk kraftig opp samanlikna med åra før. Dei serverte mellom anna nystekte lappar, hot-dogs, fruktbeger og kaffi/te. 

Konkurransen kunne fylgjast live, enten via link på idrettslaget si heimeside eller ved å bruke skjermane som var oppsett i målområdet. Kristian Kolås(i bakkant av skjermane) la ned ein formidabel innsats med det tekniske, utan han hadde ikkje eit så straumlinjeforma arrangement vore mogeleg. Arrangementsansvarleg og leiar i Eivindvik IL Kjetil Rutledal i framgrunnen. 

Andre viktige personar i målområdet var Peter Skutvik, ansvarleg for lyd, musikk og mikrofon samt Ingrid Hellwege Haveland, fotograf og ikkje minst speaker undervegs og etter konkurransen.

 

RESULTATLISTER:

DAMEKLASSEN:

1. "Unike Skapningar", Emma K.Rutledal og Una Prestegaard- 137 poeng

Delt andreplass:

"Kompani Midtun", Anette H. Midtun og June H. Midtun- 125 poeng

"Donald og Dolly på nye eventyr", Nina K. Rutledal og Maike N. Bøe- 125 poeng

4. "Beast Mode", Elina Østerbø og Hannah A. Rutledal- 121 poeng

5. "Nærpolitiet", Anne-Britt Molde og Mona H. Midtun- 113 poeng

6. "911 Wannabee", Elisabeth Rahner og Marianne Undertun- 101 poeng

7. "Team Kvamsdal", Lene H. Kvamsdal og Sara Kvamsdal- 96 poeng

8. "Barbie og Ken", Reidun Vilsvik og Gunnhild S. Jonassen- 94 poeng

9. "Les filles parisienne", Anette Kvernøy og Sandra Skutvik- 85 poeng

10. "Pingu!", Kadri Madissoo og Ida Helen Bjelde- 79 poeng

11. "Non Stoppable!", Susan Norman og Ynwa Rivedal- 78 poeng

Delt tolvteplass:

"The Pink Ribbon Ladies", Anne Refsdal og Emilie Strand- 58 poeng

"Party Pirater!", Ellen M. Oppedal og Vilde Sofie H. Sleire- 58 poeng

14. "Kongeleg Kaos", Elise Molde og Veslemøy Dingen- 52 poeng

 

HERREKLASSEN:

1. "Tjukken og kjekken", Pål Overdevest og Severin Rokne- 140 poeng

2. "Young Boys", Jørgen Håvåg og Jarle Leknes- 132 poeng

3. "Flakka!", Sonny Hæggernes og Martin Hæggernes- 67 poeng

 

MIX-KLASSEN:

 

Delt førsteplass:

"MaskeradarPar 2.0", Silje Winther og Eirik Høydal- 107 poeng

"Sabeltann", Tommy Norman og Miek Norman- 107 poeng

3. "Team Ninja", Bodil Håvåg og Edvard H. Husevåg- 64 poeng

Som de ser er "Team Ninja" ikkje på pallen i denne klassen. Dette er ein feil frå vår side, dei skulle stått der som lag 3. Vi har beklaga feilen og bestilt nye bronsemedaljar til laget.

 

KOSTYMEPRISEN:

1.plass: "Donald og Dolly på nye eventyr", Nina Kolås Rutledal og Maike Norman Bøe

2.plass: "Kongeleg Kaos!", Elise Molde og Veslemøy Dingen

3.plass: "Unike Skapningar", Una Prestegaard og Emma Karoline Rutledal

 

Sparebanken Sogn og Fjordane sponsa gavesjekk på kr 1000 til vinnarane i alle klassar, tusen takk for det!

Vi må og takke alle postvakter, alle som har gått ut med fjellpostane, båtvaktene og dei som hjalp til med rigging av start/målområdet. Utan dykk hadde ikkje arrangementet vorte så vellukka som det vart!

Det vil etter kvart leggast ut lagbilete av samtlege lag før start, biletkavalkade på Youtube og ein biletserie frå sjølve konkurransen. 

Minner og om at ein kan klikke seg inn på komplett resultatliste for å undersøke kva postar ein har vore på, kor mange poeng ein har fått på grubleoppgåver eller rett og slett sjå korleis andre lag gjorde det på dei forskjellige postane. Link til dette finn ein i artikkelen som vart publisert før denne.

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com