Perfekt løpsvær og flotte løypeforhold til trass- berre 14 deltakarar drog på seg startnummer og sprang på tid til toppen denne laurdagen. 18 deltok i "turklassen".
Årets utgåve av Vassverket Opp har fått dato og klokkeslett. Kven som helst kan delta, ein vel sjølv om ein vil delta i konkurranseklassen eller berre rusle opp og ta det som ein flott spasertur.
42 born, ungdommar og vaksne stilte opp for å gå idrettslaget sin tradisjonelle 1.mai-tur måndag denne veka. Sjå biletserie i artikkelen!
Årets felles 1.mai-tur startar frå Krossteigen kl12. Hovedruta går via Vassverket, Stormyra, Rimmane til "Karibenken" og avsluttast i byggefeltet. Det er fullt mogeleg å "hoppe av" eller velge andre stiar undervegs. Turen passar alle årsklassar, hugs niste og godt med drikke!
Idrettslaget ynskjer å få ferdigstilt frisbeegolf-bana no i vår. Vi treng DI hjelp for å komme i mål. Ta med deg grapse, spade, jernrive og ei god bøtte og møt opp kl 10 søndag 23/4. Kva som må gjerast ser du lenger nede i artikkelen.
Georeg vert nullstilt ved midnatt og vi er klare for ein ny sesong med sommartrim. Som vanleg vel vi å køyre ekstrakonkurransar for både gammal og ung i håp om at det vil trekke fleire ut i den vakre naturen vår.
Vintertrimmen avsluttast 31/3 kl 23.59. Frå kl 00.00 1.april er sommartrimsesongen i gang. Manglar du poeng for å klare kravet eller turar for å klare ekstrakonkurransane er det berre å "gønne på" dei neste dagane!
Totalt 21 medlemmar fann det bryet verdt å møte opp når idrettslaget gjennomførte årsmøte i Mediateket på skulen søndag. Etter gjennomgang av saklista stod den tradisjonelle bingoen for tur.
Kommande søndag gjer vi klar til årsmøte på skulen. Vi går gjennom året som har vore, ser på kommande planar, går gjennom rekneskap og delar ut fjelltrimpremiar. Den tradisjonelle bingoen vert gjennomført, flotte premiar ventar dei heldige vinnarane. Gratis kake og kaffi/saft. Kom då vel!!