No er adventstida her, og tradisjonen tru er det pakkekalender på Dagsturhytta. I artikkelen finn du meir informasjon om kven som organiserer dette, samt liste/plan for kven som har lov å opne pakkar dei forskjellige dagane.
Julekalender-tradisjonen på Gulakvila vart opprinneleg initiert av Anne Karin D. Haveland, og ho er framleis hovudorganisator for prosjektet som set ein spiss på adventstida for turglade born, ungdommar og vaksne.
I tillegg til å sponse gåver frå eiga lomme, har ho og organisert sponsing av gåver frå Spar Eivindvik. Andre lokale, private sponsorar er Elisabeth Napsøy Indrebø, Dagny Flåen og Liselotte Norman.
Trimgruppa i Eivindvik IL, ved Sandra Sofi Skutvik, har i år fått sett opp fleire refleksar langs stien mellom Kari-benken og Dagsturhytta. Dette legg forholda godt til rette for å ta med seg ungane på lommelykt-tur opp i lia i mørket, på ei spanande jakt for å sjå om dagens pakke framleis ligg der. Finn fram hovudlykta, kle dykk godt og gå for gull!
PS: Slå to fluger i ein smekk! Dagsturhytta er ein av postane i Vintertrimmen sin fjelltrimkonkurranse.
Under ser de lista over alle datoar og kva aldersgrupper som har lov å hente pakken dei forskjellige dagane: