Eivindvik IL har vorte invitert til opninga av det nye baneanlegget på Hosteland 1.juni. Vi i styret ynskjer å invitere medlemmane våre med på dette spanande opplegget, og set difor opp buss tur-retur frå Eivindvik. Les meir info i artikkelen!
Nokre av dykk har kanskje allereie sett informasjonsskrivet om dette arrangementet, det har denne veka vorte delt ut til elevane ved Eivindvik skule.
Arrangøren legg opp til 4x100-meters stafettar i eit utall klassar, mellom anna borne-, ungdoms-,vaksen- og eldreklassar. Det skal og duellerast i mix-klassar, bedriftsklassar og politikarklassar. Her ligg det an til at nokre lag går for gull medan mange andre berre er med for moro.
Det vert i tillegg konkurrert i lengde, høgde og 60-metersløp for born/ungdom, medan vaksne kan teste styrke og teknikk i kulestøt.
Samarbeidslaget Masfjord/Gulen damer spelar heimekamp mot Bjarg innimellom alt det andre som skjer, det er og planlagt streetbasket-konkurranse utpå dagen.
Meir detaljert programinfo finn de under:
Kiosken serverar både varme og kalde delikatesser heile dagen.
Vi i Eivindvik IL trur dette vert ei kjempeoppleving for både ung og gammal. Me ynskjer difor å leige ein buss for å kunne sende så mange som mogeleg inn til masfjordingane for å vise dei kva vi er gode for her ute. Hadde ikkje det vore kjekt? Eller å berre vere med inn for å sjå på alt som foregår?
Bussen har 47 plassar totalt, eigendel for å sitte på vert kr 50 per hovud. Vi opererer etter eit "først til mølla"- prinsipp, når bussen er full så er den full. Å leige ein buss har sjølvsagt ein kostnad, difor er me nøydde til å operere med ein påmeldingsfrist for å sjå kor mange som vil vere med. Denne fristen vert 28.mai.
Bussen går frå Prestesundet bustadfelt kl 9, via Øvre stølen og føl deretter hovudvegen innover. Det er berre å hoppe på langsetter løypa for dei som har bestilt plass, vi har ikkje nøyaktige tider for når bussen er hos deg. Still deg opp i god tid!
Om nokre av dykk har born som vil vere med utan at de sjølve kan fylgje bornet, ber vi om at de gjer avtale med andre føresette som vert med bussen slik at dei kan sjå etter den håpefulle. Det er ikkje bussvakter med!
Påmelding til bussen gjerast til Kjetil Rutledal, enten ved å sende sms til tlf 99263363 eller ved å sende mail til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. .
Når det gjeld påmelding til konkurransane, er det i følge arrangør påkrevd at deltakarlag i 4x100-meter stafett melder seg på på førehand, altså seinast dagen før konkurransen. Påmelding gjerast til mailadressa oppgitt på plakaten øverst, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. . Ved påmelding stafett bør lagnamn og deltakarnamn førast opp. De må passe på at alle stafettløparar er i riktige klassetrinn, ein 5.klassing kan til dømes ikkje springe saman med tre 4.klassingar. Når det gjeld individuelle konkurransar vart det sagt at påmelding kunne skje ved oppmøte, men om ein likevel melder seg på stafetten kan ein vel like gjerne melde seg på andre øvelsar samstundes? De føresette får prøve å halde poteta varm hos ungane som vil springe stafett slik at dei får organisert lag innan fristen. Dei må snakke seg i mellom!
Vi i Eivindvik IL vonar mange hiv seg på og at vi klarar å fylle bussen godt opp. Dette blir ei skikkeleg kjekk oppleving!