Tysdag 4.mai kom byggesettet til gapahuken frå leverandør Sønnesyn Sag i Hafslo. Tre dagars intensiv dugnadsinnsats seinare var størsteparten montert og ferdigbeisa utvendig. Hjørneborda vart ettermontert 8.mai.
Det går fort i svingane, og dugnadsinnsatsen er formidabel i bygda. Laurdag 24. april vart plata til den nye gapahuken som skal stå på "naturleikeplassen" støypt.
I dag fekk idrettslaget levert 17 tonn singel og 13 tonn grus til bruk rundt ballbingen og i frisbeegolfområdet. Noko singel skal og nyttast i våte stiparti rett ovanfor Karibenken. Idrettslaget planlegg dugnadsarbeid på desse anlegga i løpet
Les meir: Grus og singel til ballbinge og frisbeegolfbane levert i dag!
Denne veka starta arbeidet med å utbetre den gamle "naturleikeplassen" på oppsida av Krossteigen.
Medlemer har kontakta idrettslaget med spørsmål om ein burde ha vurdert rekkverk på brua over elva som ligg i vestre del av turstien mellom sjukeheimen og Haugane,