1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

12. oktober vart endeleg Stølsløkka ballbinge offisielt opna i Prestesundet bustadfelt. Kommunen har lenge hatt opparbeiding av ballbinge i Eivindvik på planen sin for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Kulturkonsulenten tok kontakt med lokale krefter for å høyre om ein var interessert i å ta på seg eit slikt prosjekt på dugnadsbasis.

Rune Håvåg og Maike Norman Bøe fekk Eivindvik Idrettslag med på prosjektet, og når ein i tillegg fekk tinglyst rett til eigna tomt i 30 år hjå Eivindvik Bulyst var det berre å sette i gang med spelemiddelsøknad og naudsynte godkjenningar.

Finansieringsplanen vart lagd, og i tillegg til spelemidlar og  ca 225 000 frå Gjensidigestiftinga, har fleire andre lag og firma ytt sin skjerv.

Eivindvik IL, Ytre Sogn kystlag(Kr 30 000), Gulenskyss(Kr 20 000), Flittige Lise-kontoen etter Astrid Haveland(Kr 32 000), Fjordguiding AS, Midtun og Tveit og Vidar Hop skyssbåtar har alle gitt pengegåver til dette formålet.

Ei spesielt stor takk går til Steffen Svidal(entreprenør), som har lånt ut maskiner og utstyr og jobba utruleg mange gratistimar for å få tomt klargjort og ballbinge ferdigmontert. Likeeins vil idrettslaget rette ei stor takk til Eirik Fosse(Hafs, elektrikar), som har montert og ordna straumskap, koplingar, lysmaster og brytarar på fritida.

 

Leiar Anne Karin Derås Haveland starta opningsfesten med å ynskje alle hjarteleg velkomne. Ho ga deretter ordet til vinnaren av namnekonkurransen, eldsjel og snorklippar Rune Håvåg.

Rune fortalde fyrst litt om korleis ballbingen kom frå teiknebrettet til ferdigstilt prosjekt, før han klipte snora og offisielt opna Stølsløkka.

Alle frammøtte fekk deretter tilbod om ein god munnfull av den spesialbestilte marsipankaka(bilete ovanfor, takk til Hans Joar Nese), vaflar og horn, samt kaffi eller saft etter eige ynskje.

Etter talar, kaker og kaffi vart det avslutningsvis spelt fleire fotballkampar på Stølsløkka.

Godt vaksne damer møtte godt vaksne menn, ungdommane møttest til kjønnskamp og dei minste ungane fekk utfolda seg mot kvarandre.

Her vart det både harde tak, latter, gråt og komikk. Opningsfesten vart avslutta i det regnet tok over. Eit flott arrangement på ein nydeleg haustdag!

Idrettslaget ynskjer å takke alle frammøtte for oppmøtet!

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com