1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

1. Åpn opp internett, skriv inn adressa georeg.no. Du får då opp sida ovanfor. Trykk på REGISTRERE.

2. Sida ovanfor åpnar seg. Fyll inn alle felt, og trykk på REGISTRER MEG.

Barn må og registrerast her og ha ein eigen konto. Barn med eigen telefon registrerar seg på same måte som vaksne. Viss barna ikkje har eigen E-post, kan dei legge inn føresette si E-postadresse og bruke den under registreringa.

Barn som er for små eller ikkje har eigen smarttelefon, registrerast slik;

Legg inn personopplysningar på same måte som vaksne gjer det. Bruk ein føresett si E-postadresse. Når ein legg inn eit brukarnavn på barnet som ikkje har eigen telefon, vel ein eit valfritt åttesifra tal som brukarnavn. Eit eksempel her kan vere fødselsdatoen til barnet, t.d. 01012017.

Når ein har trykt på REGISTRER MEG, får ein melding om at ein er registrert, og at ein E-post er sendt til den oppgitte mailadressa.

3. Gå inn på smarttelefonen din og søk opp appen Georeg. Last ned denne, og åpn den. Du vil då sjå biletet ovanfor på telefonen.Over teksten GEOREG vil det stå "Tap her for å legge inn ID!". Du trykker då midt på denne teksten og den forsvinn. Det er då klart til at du kan taste inn telefonnummeret ditt der teksten stod.

   

4. Når du har tasta inn telefonnummeret ditt, kjem bildet ovanfor opp på telefonskjermen. Over ordet GEOREG står no ID:(telefonnummeret ditt). Under GEOREG-teksten står posisjonen din, samt eit stort grønt felt som lyser grønt med ordet REGISTRERE. Viss feltet ikkje lyser, må ein vente til det blir grønt før ein trykker. Dette kan ein så teste der ein er, og med mindre ein faktisk står på ein av postane kjem denne informasjonen opp: "Posten er ikke registrert. Du er X antal meter frå nærmaste post"

5. Når ein har registrert seg, og kobla appen opp mot brukarkontoen ein laga under punkt 2, er ein klar til å begynne å bruke systemet. Gå til ein av idrettslaget sine fjelltrimpostar, ta opp telefonen, åpn appen Georeg og trykk på den grønne Registrere-knappen på skjermen. Ein vil då få tilbakemelding om at turen er registrert, og kven dei siste som har vore på denne posten er.

Viss ein går med barn untan eigen telefon, men som har eigen konto, er det lett for foreldre,sysken eller vener å registrere dei ved hjelp av sin eigen app. Det gjer du slik:

Ha appen åpen. Trykk på skjermen der din eigen ID(tlf.nr ditt) står. Din ID blir då vekke, og du kan legge inn barnet sin ID. Når denne er komen opp på telefonen, trykker du på Registrere-knappen og får då beskjed om at barnet er registrert. Dette kan du gjenta fleire gonger om du har fleire barn med, eller om nokon av dei andre du går med har gløymt telefonen. Det er lurt å legge inn att eigen ID når ein er ferdig å registrere andre, for IDen som sist vart brukt ligg lagra og tilkobla neste gang ein åpnar appen. Det er og lagt inn ei sperre i systemet som gjer at ein ikkje kan registrere seg på samme fjelltopp att før det er gått 5 timar. Dette er umogeleg å endre for idrettslaget.

 

6. Når ein så kjem heim frå fjellturen, kan ein gå inn att på internett, finne nettsida georeg.no, og trykke på LOGG INN. Ein får då opp biletet ovanfor, skriv inn brukarnavnet sitt og passordet sitt og trykker på LOGG INN.

7. Ein kjem då til ei side lik den ovanfor, der navnet til den som loggar inn står øverst til venstre. Under navnet står poengsummen ein har, smat navnet på Eivindvik IL. Trykk då på EIVINDVIK IL

8. Ein får då opp ei side som den over. Dette er ei liste over alle fjelltoppane idrettslaget har registrert i Georeg-systemet. Her står navna på alle som har oppnådd poeng i løpet av fjelltrimsesongen, rangert frå flest poeng til færrast poeng. Det er berre 10 navn pr side, så her kan ein evt bla seg framover eller bakover. Alle som loggar på vil få opp sida ein sjølv står på først.

 

Har du ytterligare spørsmål ifht registrering eller oppstart med Georeg,
kontakt Kjetil Rutledal på tlf: 99263363

LYKKE TIL!!

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com