1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Idrettslaget har no starta opp sin eigen Youtube- kanal. Denne kanalen er tenkt brukt til å lagre videoar idrettslaget vil dele med alle sine medlemar, det vere seg klipp frå ymse tilstellingar, arrangement, sterke prestasjonar eller

morosame innslag.

Ein vil forsøke å legge ut premierevideoen i veke 47. Vi filmar trekninga av fjelltrimkonkurransane vi har køyrd parallellt med sommartrimmen i år. Videoen vil bli lagt ut i ein artikkel på nettsida, det er då berre å trykke på videoen for å spele den av. Komande videoar vil alltid bli lagt ut på same måten.

Viss ein i ettertid vil inn og sjå videoar lagt ut av idrettslaget, er det berre å trykke på Youtube- ikonet heilt oppe til høgre på skjermen, i det blå feltet øverst oppe ved sida av Georeg- logoen. Ein finn då fana "videoar" på sida som dukkar opp, trykker på den, og alle videoar vi legg ut vil finnast der.

Idrettslaget vil sjølvsagt fylgje sine eigne retningslinjer ifht publisering av bilete av privatpersonar og barn på nett. Les meir om dette under fana "Bli medlem"- og underfana "Medlemskap EIL" her på nettsida.

Idrettslaget gler seg til å prøve ut denne nyvinninga framover, og rettar ei stor takk til Igor Misic for uvurderleg hjelp.

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com