1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Årsmøtet i idrettslaget vart gjennomført i Mediateket på skulen 8.mars.

 Omlag 30 personar deltok, og det vart vedteke nokre viktige endringar. 

Medlemsavgifta vert endra frå kr 150 til kr 200 for enkeltmedlemer, familiemedlemskap vert endra frå kr 300 til kr 400. Vedtaket var samrøystes.

Ein vedtok og å flytte posten på Løypingåsen til Dagsturhytta. Dette var ei sak det var ein del usemje om, og gode argument for både å la det vere som før og å flytte posten. Ein avgjorde spørsmålet ved handsopprekking, der fleirtalet på 9 personar stemte for flytting medan 5 stemte mot. 

Laget informerte og om at ein har funne eit nytt digitalt teljesystem i staden for Georeg. Det nye systemet heiter "etur", er under utvikling og skal vere klart frå 1.mai. Halvor Elde og Daniel Kvernøy er initiativtakarar og eigarar av "etur", og prisen for idrettslaget i året vil verte kr 3000. Enkeltmedlemer vil IKKJE verte pålagt brukarbetaling utover medlemskontingenten. Det vil verte lagt ut meir informasjon om dette etter kvart. 

Idrettslaget vil som i fjor fortsette med bøker på alle postar gjennom heile sesongen. Alle registreringar gjort før 1.mai må skrivast i bøkene! 

I styret gjekk leiar Anne Karin Derås Haveland av etter 5 år i stolen. Ny leiar vert Vidar Bolstad. Susanne Bauge tek over sekretærjobben etter Anne Britt Molde. 

Kjetil Rutledal informerte årsmøtet om nettsida til idrettslaget. Ein har skaffa sponsorinntekter på kr 8000 i året dei komande 5 åra, dette er pengar ein vil bruke til å vidareutvikle sida. Planen er no å starte opp ein quiz 1.april, med spørsmål knytt til idrettslaget, lokalsamfunnet og kjende lokalpersonar i fortid og notid. Det vil vere premiering av vinnarar. Meir informasjon kjem når vi nærmar oss oppstart. 

 

Årsmøtet gjekk og gjennom årsmeldingar frå gruppene, rekneskapen og planar framover. Det vart vedteke at ein legg inn opprusting/utbetring av løpebane, tennisbane, hoppegrop og kulering på kommunal plan. Dette er noko idrettslaget har lyst å utbetre, og det må ligge inne i kommunale planar om ein skal få søkt om tippemidlar. 

Prestegardsstien del to er no ferdigstilt. Maike informerte om at dette prosjektet vil komme ut i null etter at ein får utbetalt momskompensasjon. Planar vidare er utsetting av benkar langs traséen samt tillaging av ny naturleikeplass der den gamle låg. På sikt vil ein og vurdere å lyssette stien, men det må då takast omsyn til problemstillingar som t.d. lysforureining.

Ballbingen er og ferdigstilt. Her fekk ein ikkje utbetalt tippemidlar i denne omgang grunna mangel på midlar hjå fylkeskommunen. Gulen kommune har forskuttert desse pengane til idrettslaget i påvente av at tippemiddelsøknaden vert innvilga. Planen her er å sette ut nokre benkar utanfor bingen med tida, og om ein har pengar nok kanskje kjøpe inn utstyr til å lage skøytebane der på vinteren. 

 

Årsmøtet vart avslutta med to rundar vaksenbingo og ein runde barnebingo. 

 

NB! Idrettslaget kjem i framtida til å legge ut årsmøtereferat, rekneskapen, vallistene og årsmeldingane frå gruppene under ei eiga fane på nettsida. Dette gjer vi for at alle skal ha tilgang til informasjonen når dei måtte ynskje det. 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com