1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

1.april startar idrettslaget opp eit nytt tilbod til sine medlemer. Månadens quiz vil, sjølvforklarande nok, 

vere ein månadleg konkurranse der kven som helst kan teste sine kunnskapar om idrettslaget, lokal geografi, lokal historie og kjende lokale fjes.

 

For å kunne delta i quizzen må ein registrere seg og logge seg inn på nettsida. Dette gjer ein slik;

 

1. På pc finn ein feltet "User login" nede på høgre side av skjermen. Under står det "Registrer konto". Trykk på "Registrer konto"

    På smarttelefon finn ein det same feltet heilt nede på startsida.

    Alternativt kan ein og trykke på "Månadens quiz"- logoen, ein vil då få opp ein link til registrering der.

 

2. Registrer deg med navn, epost, brukarnamn og passord. Trykk på "Registrer"

 

3. Ein mail blir då sendt til epost- adressa di. 

 

4. Gå inn på mailen og klikk på linken for å aktivere kontoen din. I mailen står og brukarnamnet og passordet du har vald om du           skulle gløyme det. 

 

5. Når du då er inne på nettsida att, kan du logge på via "User login", eller du kan opne quizzen og logge inn direkte der. 

 

NB! Ein kan gå inn no og registrere seg, det er ikkje naudsynt å vente til quizzen vert lagd ut!

 

Det første ein kjem til vil vere framsida av quizzen. Her vil ein finne kortfatta informasjon om sjølve konkurransen, dette kan vere greit å ha lese gjennom før ein set i gang.

Kvar deltakar vil kun ha EITT forsøk pr quiz, dette for å hindre at dei kjappaste og mest datakyndige skal ha ein urimeleg stor fordel. Av same grunn vil quizzen vere tidsavgrensa. Det skal i utgangspunktet vere like sjansar for alle, uavhengig av alder, lesefart og datakunnskap.  

Den første quizzen vil innehalde 15 spørsmål. Til kvart spørsmål vil det vere fire svaralternativ.

Ein får poeng for kvart riktige svar. Ved lik poengsum vil raskast fullførte quiz gå foran. 

 

Når ein har gjennomført konkurransen, vil ein kunne gå gjennom svara sine og sjå kvar ein har svart riktig eller feil.  Vi har vald å ikkje legge ut fasiten då det vil gjere det VELDIG enkelt å gje alle rette svar vidare til vener eller familie. 

Til ei kvar tid vil det ligge ei resultatliste nederst på sida. Deltakarane vil bli lista opp med namn, etter kor mange poeng ein har oppnådd. Om det er fleire deltakarar som ligg øverst på lista med same poengsum når vi kjem til 30.april, er det som før nemnd den med raskast gjennomførd quiz som vinn.

Resultatlista skil diverre ikkje på tidsbruken, så den som ligg øverst av dei med flest poeng treng ikkje vere den med raskast tid. For å avgjere dette må administrator då gå inn og sjekke tidsbruk blant alle med lik sluttsum. Håpet er at det vanlegvis blir poengskilnad som avgjer.

Alle som deltek kan og velje å få tilsendt resultatet sitt på mail etter endt quiz. Det er ein knapp nede på resultatsida ved fullført quiz ein då trykker på. Dette kan vere greit om ein vil ha kontroll på tidsbruken sjølv. 

 

Dette er ein uhøgtideleg konkurranse der vi ynskjer at flest mogeleg av medlemene våre hiv seg på. Det er naturlegvis mogeleg å alliere seg med andre og "jukse" seg til svært høge poengsummar. Vi ber derfor alle om å la dette bli ein fair konkurranse der kunnskap og flaks avgjer!

 

Vinnaren av quizzen stikk av med denne flotte sekken med EIL- logo!

NB! Ektefeller og barn til dei som har laga quizzen får ikkje delta i konkurransen. Denne månadens quiz er laga av Igor Misic og Kjetil Rutledal.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com