1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Denne veka har idrettslaget levert ut skriv vedrørande medlemskontingent for 2020 i alle postkassane i krinsen. Kopi av skrivet finn 

de nedanfor om vi skulle ha gløymt nokon.

Desse inntektene er hovudgrunnlaget for drifta vår, og vi vonar flest mogeleg bidreg i år og.

Hugs å registrer dykk på medlemskap.nif.no samstundes, det er eit absolutt krav for at idrettslaget skal få utbetalt tilskot frå forbundet!

Meir om dette under.

 

Medlemskontingent for Eivindvik idrettslag 2020.

 

Alle som deltek på aktivitetar/trening i regi av Eivindvik Idrettslag (EIL) skal betale medlemspengar. Ver merksam på at ein fell utanfor føresette sitt familiemedlemskap ved fylte 18 år. Som medlem i EIL får ein blant anna fjelltrim-medalje, medlemspris på ulike arrangement og gevinstar i tilleggskonkurransane til fjelltrimsesongane. Medlemspengane er svært viktige for å halde laget gåande, og sjølv om du ikkje nyttar tilboda våre set vi stor pris på om du likevel støttar opp om tilboda vi gjev barn, unge og vaksne i krinsen!

NB! Frå 2020 må EIL ha elektroniske medlemsliste. Tilskot frå Norges Idretssforbund (NIF) er basert på desse listene. Alle må difor gå inn på medlemskap.nif.no og registrere seg sjølv og borna sine. Om fleirtalet ikkje gjer dette, taper EIL tusenvis i tilskot!!

Årsmøtet vedtok i år å auke medlemskontingenten til kr. 200,- for enkeltmedlemer og kr. 400,-  for familiemedlemskap (dersom nokon har betalt 150,- eller 300,- så betal restarande sum).

 

Kva blir pengane brukt til?

EIL fullørte i 2019 utbygginga av Prestegardsstien del 2 mellom Gulen sjukeheim og Haugane. Del 1 mellom Solleibotn og Øvre Stølen vart fullført i 2018. I 2019 ferdigstilte vi og ein fleirbruks ballbinge i Prestesundet bustadfelt. Alle desse prosjekta treng vedlikehaldsmidlar. Det er og planar om innkjøp av benkar langs sti og ved ballbinge samt gjenoppbygging av naturleikeplassen ovanfor Krossteigen.

-        Drift og vedlikehald av idrettsbane og bruk av gymsal

-        Ulike arrangement

-        Innkjøp av utstyr til gymsal/idrettsbane, friidrett, medaljar, postkassar og ryddeutstyr til fjelltrimmen

-        Deltakaravgifter til stemner og cupar

Vi vonar derfor at alle er positive til medlemspengane, og set pris på den innsatsen alle i EIL gjer. Nokon er trenarar, andre passar på grasbana. Nokon ryddar stiar mens andre har ansvar for arrangement. Alt dette gjer at vi får det til å gå rundt!

 

GEOREG

Idrettslaget har no brukt det digitale teljesystemet Georeg sidan i fjor. Nytt av året er at Georeg finst i ein betal-versjon kalla Georeg Pro og ein gratis-versjon kalla Georeg Lite. Systemet er lagt opp slik at ein registrerar seg på georeg.no deretter lastar ned Georeg-appen på smarttelefonen sin, og brukar appen til å registrere seg på dei forskjellige toppane. Sjå nettsida vår, eivindvikidrettslag.no for grunnleggande hjelp til registrering/installering. Du finn rettleiinga, markert med Georeg-symbolet, heilt øverst til høgre på startsida vår.

Georeg Lite- versjonen er som nemnd gratis, og bør vere tilstrekkeleg for dei aller, aller fleste. Enkelte medlemer seier dei får tilbod om å kjøpe Pro- abonnement når dei opnar appen. Om du ikkje ynskjer å betale, ignorerar du tilbodet og er då automatisk ein Georeg Lite – brukar. Nytt av året er at ein kan velje å vere anonym på poengoversikta. Dette gjer ein ved å gå inn på Start-menyen på georeg.no og deretter «Mine innstillinger». Her må ein per no sende ein e-post til administratorane om at ein vil vere anonym for å få dette til. NB! Det ligg framleis bøker ute på alle fjelltrimpostar!

 

Heimesida til EIL

 

Idrettslaget ha si eiga nettside, www.eivindvikidrettslag.no. Her vil vi mellom anna legge ut bilete frå arrangementa våre. Vi treng tilbakemelding frå dei som ikkje ynskjer disponering.

 

Nettsida vår; korleis reservere deg mot bruk av bilete av deg eller barna dine

Sida inneheld litt historikk rundt laget, info om dei forskjellige nemndene, informasjon om ymse arrangement og aktuelle nyhende. Vi har vår eigen Youtube – kanal, og det vil på sikt og bli mogeleg å legge ut linkar mot t.d. Twitter, Instagram og Facebook.

EIL har vore i kontakt med Idrettsforbundet for assistanse når det gjeld publisering av bilete av privatpersonar og barn på nett. Her er det eit strengt regelverk å forholde seg til. På adressa https://www.datatilsynet.no/Sektor/Skole-barn-unge/Bilder-pa-nett/ står det ei oversikt over kva ein må ta omsyn til før publisering.

 

Bilete lagt ut på nett blir i all hovudsak situasjonsbilete frå ymse arrangement, der aktiviteten er hovudfokus. Ein vil ikkje vise bilete av barn i pinsame situasjonar, det vere seg lettkledde bilete eller situasjonar som kan opplevast som krenkande. Viss ein vil legge ut portrettbilete, vil idrettslaget alltid kontakte føresette for godkjenning.

Når du betalar kontingenten for 2020, godtek du samstundes at EIL kan publisere bilete av deg og dine barn i situasjonar som skildra ovanfor. Viss du ikkje ynskjer slik publisering kan du kontakte nestleiar i EIL, Kjetil Rutledal, på mail Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller tlf 99263363.

 

Betalingsinformasjon:

Enkeltmedlem            200,-

Familiemedlemskap  400,-

Konto: 3817.20.02266

 

VIPPS:

#118969 Eivindvik idrettslag

 

Hugs å skriv årstal/alder på borna dykkar når de betalar. Vi treng dette i samband med fjelltrimregistrering!

 


 










 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com