1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Quizzen som vart starta opp 31.mars har hatt overraskande dårleg deltaking. Det ligg ein god del arbeid bak konkurransen, og vi hadde sjølvsagt håpa at fleire ville prøve seg. Vi legg her ut ei punkt-for-punkt-liste over korleis ein registrerar seg og kjem i gang, og vonar dette kan bidra til at fleire prøver lukka.

Under ser de bilete av påloggingsfeltet på sida vår. Dette feltet ligg nederst på framsida om ein brukar smarttelefon. Om ein går inn via pc, ligg feltet heilt nede på høgre side for artiklane, under reklamebanneret til Total Rekneskap.

Nederst i feltet finn de teksten "Registrer konto". Trykk på "Registrer konto".

De kjem då til skjemaet de ser bilete av under. Dette skjemaet fyller de ut. 

 

Under "Namn" skriv de inn fullt namn, både for- og etternamn.

 

Under "Brukarnamn" legg de inn eit valfritt brukarnamn. Om andre allerede har tatt dette brukarnamnet, får de beskjed om dette og vert bedne om å finne eit anna brukarnamn. 

 

Under "Passord" legg de inn eit valfritt passord. Om andre allerede har tatt dette passordet, får de beskjed om dette og vert bedne om å finne eit anna passord. Det er ikkje krav om veldig avanserte passord, her kan de legge inn noko de hugsar!

 

Under "Stadfest passord" gjentek de passordet de la inn i feltet over.

 

Under "E-postadresse" legg de inn E-postadressa dykkar.

 

Under "Confirm Email Address" gjentek de E-postadressa dykkar.

 

Sjå over skjemaet ein siste gang for å sjekke at alt ser riktig utfylt ut, klikk deretter på "Registrer" i det blå feltet nederst til venstre.

 

Når de har trykt på "Registrer", får de opp denne meldinga;

 

Har de kome så langt, har alt blitt gjort riktig. 

De går deretter inn på E-postkontoen de oppga under registreringa og finn mailen frå Eivindvik IL.

I mailen finn de mellom anna brukarnamnet og passordet de la inn under registreringa. De vil og finne ein link for å aktivere registreringa de gjorde. Denne aktiveringa MÅ gjerast for å kunne vere med å konkurrere, de vil ikkje kunne logge inn ellers!

Linken er ein understreka tekst farga i blått, sjå biletet under;

 

Det lettaste er då å klikke/trykke direkte på teksten.  Du vil då komme attende til nettsida vår og kontoen din vil vere aktivert. 

Deretter er det berre å finne påloggingsfeltet og logge deg inn med brukarnamn og passord. 

Når ein er pålogga vil ein og få opp ei løpande resultatliste nederst på sida.

 

For å ta quizzen klikkar du på "Månadens quiz"- logoen øverst på startsida. Les gjennom reglane og trykk "Start quiz".  Du vil då ha 5 minutt på deg til å svare på 15 spørsmål med lokal forankring, til kvart spørsmål er det fire svaralternativ.

 

Til slutt minner vi om at det vankar ein flott 30-liters tursekk med EIL-logo til vinnaren av quizzen. Sekken kom til bygda rett før påske, og under ser de den på ryggen til ein av medlemene våre. 

LUKKE TIL!

 

 

 

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com