1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Årets 17.mai-feiring i Eivindvik vert litt annleis enn vanleg. Etter ynskje frå komiteen publiserar idrettslaget programmet her på nettsida.

 

17.mai-feiring i Eivindvik 2020

Som sikkert dei fleste har fått med seg, blir det ikkje noko tradisjonell 17. mai feiring i

Eivindvik i år. Det betyr at kapproinga, toget, matserveringa og leikane på skuleplassen

utgår. Vi vil likevel prøve å få til litt alternativt nettbasert program der heile familiar kan

delta heimafrå.

 

Utanom ordføraren sin tale til alle Gulingane, vil det foreløpige programmet sjå slik ut:

Kl. 8:00 Salutt

Kl.10:00 Familiekonkurransen «Goosechase light» startar på nettet.

                Den blir avslutta kl. 17.

Kl. 10:30 Utlegging av 17. mai nøtter. Dersom det blir fint vêr blir det natursti i staden.

                 Ein kan då velje om ein vil gå langs turstien Sollibotn - Øvre Stølen eller Øvre

                 Stølen - Haugane. Dei same spørsmåla vil bli lagt ut begge plassar. Vilkårleg

                 kva ende ein startar i. Frist for innlevering av løysingar kl. 17.

Kl. 11:15 «Hjelpekorpset» vil spele for pasientar ved sjukeheimen.

Kl. 12:00 Kransenedlegging ved minnestøtta utanfor kyrkja. Tale ved ordføraren.

                «Hjelpekorpset» spelar. Vi minner om at alle må vere flinke til å

                 overhalde smittevernreglane!

Kl. 12:45 «Hjelpekorpset» spelar for bebuarar ved eldresenteret.

Kl. 15:00 Familiekonkurransen «Kahoot» startar på nettet.

Kl. 20:00 Utlegging av videoklipp frå tidlegare revyinnslag frå EUL.

 

I tillegg vil vi prøve å få lagt ut videoar av betraktningar/tankar omkring 17. mai frå 5. og 8.

klassingar ved Eivindvik skule, i løpet av dagen.

Det blir premiering for 1. - 3. plass på familekonkurransane «Goosechase light» og «Kahoot»,

og trekking av èin vinnar av 17. mai nøttene/naturstien. Premiane vil bli utkøyrt om kvelden.

For meir detaljar omkring familiekonkurransane og 17. mai nøttene/naturstien, logg inn på

Eivindvik Ungdomslag si facebookside.

 

Laila og Rune

-leiarar-

 

Kva er «Goosechase light»?

Vi har kalla det for «light» fordi vanlegvis må ein laste ned ein app for å kunne delta i

konkurransen. Sidan vi reknar med at det blir mange påmelde fam. ville det koste ganske

mykje for ein slik app. Vi valde difor ein litt anna måte å gjere det på.

 

Kort fortalt er dette ein familiekonkurranse der det blir lagt ut (gjerne praktiske) oppgåver som heile

familien/hustanden må vere med på å løyse. Ein i fam. må ta bilete av korleis oppgåvene er

løyst, og sende desse til ei oppgjeve e-postadresse. Kor ein melder seg på, og kor ein sender

inn bileta kjem vi attende til.

 

Kvar løyst oppgåve gjev x antal poeng, og det er om og gjere å få mest poeng. Det er ikkje

tidsfrist på kvar oppgåve, men løysingane må vere innsendt før kl.17:00.

 

Kva er «Kahoot»?

Dette er kort fortalt ein digital quiz der ein familie/hustand har ein mobil med appen Kahoot.

Dei melder seg på til Halvor Elde eller Bjarte Undertun, og alle får tilsendt spørsmåla til

mobilen. Det er 4 svaralternativ, og det er om og gjere å svare rett på kortast mogleg tid. Her

er det altså viktig å sitje klar når konkurransen startar kl. 15:00. Undervegs kan ein fylgje

med på korleis ein ligg an i forhold til dei andre laga som er med. Det er om og gjere å ha

flest poeng på kortast tid. Det kan vere opp til 50 fam./husstandar som deltek.

 

Fotokavalkade på 17.mai

Vi viser til kommunen si heimeside der dei etterlyser foto frå dei ulike grendene

i Gulen til bruk i ein eigen fotokavalkade på 17. mai. Har du oversiktsbilete over

ulike delar av bygda vår, send på e-post til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. innan 10. mai.

Unngå andre personar på bileta, og skriv ein liten tekst om kva ein ser, og kor

bilete er teke frå.

Laila og Rune

 

-leiarar- 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com