1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Her kan de lese nyttig og naudsynt informasjon om 17.mai-konkurransane Kahoot, 17.mai-nøtter og Familieduellen. Vær ekstra merksam på at 17.mai-nøttene i utgangspunktet skal svarast på via pc/laptop.

 

KAHOOT

Dette er kort fortalt ein digital quiz der ein familie/husstand har ein mobil med appen Kahoot. Dei melder seg på til Halvor Elde på tlf 48044854, eller til Bjarte Undertun på tlf 98696648, og alle får tilsendt spørsmåla til mobilen. Det er fire svaralternativ, og det er om å gjere å svare rett på kortast mogeleg tid.

Her er det altså viktig å sitje klar når konkurransen startar kl. 15.00. Undervegs kan ein fygje med på korleis ein ligg an i forhold til dei andre laga som deltek. Det er om å gjere å ha flest poeng på kortast tid. 

Opptil 50 familiar/husstandar kan delta, "først til mølla"- prinsippet gjeld.

 

17.MAI-NØTTER

Nøttene vert lagt ut på nettsida til Eivindvik Idrettslag om morgonen 17.mai. Dei vert ikkje lagt ut på andre kanalar.

Ynskjer du å ta del i denne konkurransen, er det tre måtar å gjere dette på.

1. Gå inn på nettsida vår, www.eivindvikidrettslag.no, om morgonen 17.mai ved hjelp av pc/laptop. Det vil då ligge ein artikkel på framsida om 17.mai-nøttene. Opn artikkelen og klikk på linken "17.mai-nøtter" som ligg der.

Konkurransedokumentet er i PDF- format. Spørsmåla ligg øverst, og eit svarskjema i kryssord-stil ligg rett under. Tanken er at ein skal fylle svara på spørsmåla inn i rubrikkane direkte i nettlesaren. For kvart svar vil den eine svar-bokstaven ligge i eit gult,skravert felt. Denne bokstaven er ein del av eit løysingsord, og vil automatisk legge seg på ei linje like under "kryssordet". Når alle spørsmål er svart på, ligg det då ein bokstav frå kvart svar på denne linja. Oppgåva blir då avslutningsvis å stokke om på desse bokstavane til ein finn løysingsordet.

VIKTIG! Å fylle ut skjemaet i nettlesaren går kun an viss ein har installert "Adobe Acrobat Reader" på maskina si. Dei fleste maskiner har dette forhåndsinstallert, men ikkje alle. Ein må då eventuelt laste ned "Adobe Acrobat Reader" frå nettet før ein svarar på skjemaet. For smarttelefonar og nettbrett er det slik at dei fleste modellar ikkje har førehandslagra appar som let ein fylle ut skjemaet direkte. Unntaket her er dei aller nyaste modellane, i allefall av typane Samsung og Iphone. For Samsung-telefonar kan ein gå til Galaxy Store og søke opp appen "Adobe Acrobat Reader for Samsung". Iphone-/Ipad-brukarar kan prøve å laste ned "Adobe Acrobat Reader" frå App Store.  Dei som føler for det kan jo eventuelt prøve seg fram litt, får ein til å bruke telefonen gjer ein sjølvsagt det om ein ynskjer.

Når ein har svara på spørsmåla og funne løysingsordet, sender ein heile dokumentet på mail til Rune Midtun, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. , innan kl 17. 

 

Om ein ikkje får til å skrive direkte inn i dokumentet, er det to andre måtar å delta i konkurransen på;

2. Gjer som i punkt 1 til du har fått opna "17.mai-nøttene".

Print deretter ut dokumentet og skriv inn svara for hand. Finn løysingsordet.

Ta bilete av dokumentet med telefonen din og send det til Rune Midtun på ovannemnde mailadresse eller telefonnummer 95926048 innan kl 17.

 

3. Gjer som i punkt 1 til du har fått opna "17.mai-nøttene".

Teikn "kryssordet" ned på eigna papir heime, hugs å få med all den viktige informasjonen nederst på dokumentet og! 

Fyll ut "kryssordet" og felta under.

Ta bilete med telefonen din og send det til Rune Midtun på ovannemnde mailadresse eller telefonnummer innan kl 17.

 

Fasiten på 17.mai-nøttene vert offentleggjort på kvelden same dag.

 

FAMILIEDUELLEN

 Denne konkurransen er ein kreativ familie-/venneduell, der kun fantasien set grenser. Oppgåvene som skal løysast er praktiske, gjerast utandørs, og når laga er nøgde med svaret sitt sender dei det inn i form av eit bilete. 

NB! Det er ei forutsetning at alle lag overheld gjeldande smittevernpåbod!

Konkurransen startar kl 10 og varer til kl 17. Oppgåvene vert publisert på heimesida til idrettslaget om morgonen 17.mai.

Bilete av oppgåvesvar sendast til Elisabeth Rahner på Messenger eller på tlf 90017111, send gjerne fleire bilete samstundes om mogeleg.

Laga vil samle seg opp poeng etter kreativitet og om ein svarar riktig på oppgåvene. Juryen vil vurdere svara, og det vert utdelt premie til 1,2. og 3.plass.

Hugs å gje laget eit kreativt namn, og send og inn namn på alle deltakarar.

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com