1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Opn artikkelen, trykk på linken og finn oppgåver og løysingsskjemaet avbilda over. Lukke til!

 

Linken ligg med blå skrift heilt nederst i denne teksten. Klikk på den blå teksten, og oppgåveskjemaet kjem automatisk opp. 

Ynskjer du å ta del i denne konkurransen, er det tre måtar å gjere dette på.

1. Gå inn på nettsida vår, www.eivindvikidrettslag.no, om morgonen 17.mai ved hjelp av pc/laptop. Det vil då ligge ein artikkel på framsida om 17.mai-nøttene. Opn artikkelen og klikk på linken "17.mai-nøtter" som ligg der.

Konkurransedokumentet er i PDF- format. Spørsmåla ligg øverst, og eit svarskjema i kryssord-stil ligg rett under. Tanken er at ein skal fylle svara på spørsmåla inn i rubrikkane direkte i nettlesaren. For kvart svar vil den eine svar-bokstaven ligge i eit gult,skravert felt. Denne bokstaven er ein del av eit løysingsord, og vil automatisk legge seg på ei linje like under "kryssordet". Når alle spørsmål er svart på, ligg det då ein bokstav frå kvart svar på denne linja. Oppgåva blir då avslutningsvis å stokke om på desse bokstavane til ein finn løysingsordet.

VIKTIG! Å fylle ut skjemaet i nettlesaren går kun an viss ein har installert "Adobe Acrobat Reader" på maskina si. Dei fleste maskiner har dette forhåndsinstallert, men ikkje alle. Ein må då eventuelt laste ned "Adobe Acrobat Reader" frå nettet før ein svarar på skjemaet. For smarttelefonar og nettbrett er det slik at dei fleste modellar ikkje har førehandslagra appar som let ein fylle ut skjemaet direkte. Unntaket her er dei aller nyaste modellane, i allefall av typane Samsung og Iphone. For Samsung-telefonar kan ein gå til Galaxy Store og søke opp appen "Adobe Acrobat Reader for Samsung". Iphone-/Ipad-brukarar kan prøve å laste ned "Adobe Acrobat Reader" frå App Store.  Dei som føler for det kan jo eventuelt prøve seg fram litt, får ein til å bruke telefonen gjer ein sjølvsagt det om ein ynskjer.

Når ein har svara på spørsmåla og funne løysingsordet, sender ein heile dokumentet på mail til Rune Midtun, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. , innan kl 17. 

 

Om ein ikkje får til å skrive direkte inn i dokumentet, er det to andre måtar å delta i konkurransen på;

2. Gjer som i punkt 1 til du har fått opna "17.mai-nøttene".

Print deretter ut dokumentet og skriv inn svara for hand. Finn løysingsordet.

Ta bilete av dokumentet med telefonen din og send det til Rune Midtun på ovannemnde mailadresse eller telefonnummer 95926048 innan kl 17.

 

3. Gjer som i punkt 1 til du har fått opna "17.mai-nøttene".

Teikn "kryssordet" ned på eigna papir heime, hugs å få med all den viktige informasjonen nederst på dokumentet og! 

Fyll ut "kryssordet" og felta under.

Ta bilete med telefonen din og send det til Rune Midtun på ovannemnde mailadresse eller telefonnummer innan kl 17.

 

Fasiten vert offentleggjort på nettsida før kl 20 i kveld.

 

Her er linken: 17-mai kryssord

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com