1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Opn denne artikkelen for å finne den praktiske, kreative konkurransen som løysast saman med familie eler vener. Oppgåvene løysast i fellesskap. NB! HUGS Å FYLGJE GJELDANDE SMITTEVERNRÅD!!

 

FAMILIEDUELLEN, 17.MAI-MORO FOR HEILE FAMILIEN!

17.mai-komiteen inviterar til kreativ familieduell. Finn fram mobilen og bli med!

Oppgåvene kan løysast frå kl 10 til kl 17. 

De, som familie eller venegjeng, dannar eit lag og gjev laget eit kreativt namn. 

Det vil bli gjeve poeng frå 0 til 3. Kreativitet vil bli vektlagd, men fullført oppgåve vil og kvalifisere til poeng. Ingenting blir "for dumt".

Det skal takast bilete av svara på alle dei ti oppgåvene. Send dei ti bileta på Messenger eller SMS/MMS til Elisabeth Rahner, tlf 90017111, innan kl 17. Deretter vil juryen gå gjennom alle bileta og gje poeng. Det vil bli gjeve premie for 1, 2, og 3.plass.

NB! Send og inn lagnamn og namn på alle deltakarar!

Oppgåvene skal i utgangspunktet gjerast ute.

Lukke til!

OPPGÅVER SOM SKAL LØYSAST OG TAKAST BILETE AV:

 

1. Skriv 17 MAI med medlemene i gruppa.

2. Gåte: Liten mann frå Danmark.

3. Ta bilete av eit hjarte.

4. Lag ein blomsterkrans og ta bilete av den vakraste i gruppa med denne på hovudet.

5. Lag årstalet for grunnlova i naturmateriale.

6. Lag det norske flagget med gjenstandar du finn ute.

7. Gjenskap kongefamilien som vinkar til 17.mai-toget frå altanen.

8. Lag eit kreativt bilete ved eit religiøst symbol.

9. Skap eit bilete i lufta der minst ein i gruppa deltek. 

10. Vis 17.mai-stemninga innan gruppa etter endt familieduell.

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com