1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Idrettslaget/nettsida har fleire prosjekt på gang i nær framtid, og vi vonar informasjonen under syter for at vi ikkje vert gløymde i sommar.

NY FOTOMONTASJE PÅ YOUTUBE-KANALEN

Etter stor suksess og førebels 178 visningar av forrige fotomontasje, fjellturen Eivindvik-Taskebotn, jobbar vi i desse dagar med ein liknande video frå turen Undertun-Åsen-Ormekletten-Svabergveten-Flolidfjellet-Torvhyttene-Undertun.

Montasjen vil vere over same lest som sist, men innehalde fleire bilete. 

 

DRONEFILMING AV PRESTEGARDSSTIEN

Per og Lars Fosse har på førespurnad frå idrettslaget takka ja til å lage to videoar med drone, der dei filmar Prestegardsstien del 1 og del 2 vekselvis frå lav og litt større høgde. Desse vert lagt ut på nettsida og på Youtube-kanalen vår.

Det er strenge reglar for filming/flyging med drone, men her har ein fått papira i orden og godkjenning frå berørte og uberørte naboar.

Idrettslaget rettar ei stor takk til alle naboar som velvillig har godteke flyging innanfor den fastsette grensa på 50 horisontale meter frå husa sine. 

 

BILETSERIE,RESULTATLISTE OG ARTIKKEL FRÅ GJENNOMFØRING AV "VASSVERKET OPP".

13.juni kl 12 går startskotet for idrettslaget sitt einaste idrettsarrangement i sommar. 

"Vassverket Opp" vert gjennomført som tidlegare år, men grunna Korona-pandemien vil det verte gjort små justeringar for å overhalde smittevernshensyn. Det vil mellom anna vere lengre startintervall mellom løparane, og det vil ikkje bli servering på toppen. 

Idrettslaget kjem attende med meir utfyllande informasjon om arrangementet når det nærmar seg.

Påmelding skjer til Kjetil Rutledal på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller på tlf 99263363.

 

QUIZZEN HELD FRAM!

Som tidlegare nemnd her på nettsida, har Magnor Midtun takka ja til å lage quiz for oss. Startskotet går 1.juni, og spørsmåla er tufta på lokalhistoria til Eivindvik og omegn nokre år bakover i tid. 

I juli planlegg vi ein biletquiz. Målet er å portrett-fotografere 10-15 lokale "kjendisar", bruke eit kamerafilter for å "forvrenge" ansiktstrekka, og deretter spørre kven desse "kjendisane" er. Det vil vere tre svaralternativ til kvart bilete, og dette bør kunne skape engasjement og latter blant deltakarane. 

Forrige quiz hadde berre 17 deltakarar, og vi vonar det blir fleire etter kvart som vi held på. 

På nettsida vil vi legge ut informasjon nok ein gang når det nærmar seg om korleis ein registrerar seg og loggar inn for å delta. 

 

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com