1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Laurdag opnar nettsida ein ny "Månadens quiz". Denne gangen har vi teke portrettbilete av 15 personar tilhøyrande i skulekrinsen. Vi har brukt Snapchat - filter for å "forandre" utsjånaden litt, og oppgåva er då å gjennkjenne kven desse personane er.

 For å delta må ein som tidlegare først logge seg inn.

Dette gjer ein ved å finne rubrikken "User login" på framsida. Dette feltet ligg på høgre side for artiklane om ein brukar pc, om ein brukar smart-telefon ligg feltet nederst på sida under artiklar og reklamen.

Trykk på "Registrere konto" som ein finn nederst i rubrikken. Ein får då opp eit skjema som ein fyller ut med informasjonen skjemaet spør etter. Passordet ein lagar seg bør vere enkelt, det er ikkje krav til antal bokstavar eller at passordet må innehalde forskjellige teikn. 

Når ein sender inn skjemaet får ein ein epost til den oppgitte epost-adressa. Klikk då på linken som er markert i blå skrift i eposten, ein vert automatisk sendt til nettsida vår. Finn rubrikken "User login", legg inn brukarnamn og passord og trykk på "Logg inn". 

Når du er innlogga finn du "Månadens quiz" oppe på sida. Klikk på logoen og du er klar til å sette i gang.

Hugs at ingen får meir enn eitt forsøk, prøver ein på nytt får ein ikkje tilgang til oppgåvene!

 

NB!!

Alle som deltek vert automatisk plassert på resultatlista. Denne lista finn ein kun om ein er innlogga, og ligg nederst på sida. 

Det er grunn til å tru at fleire kan klare alle oppgåvene denne gangen, og dermed havne på lik poengsum. Det vil då vere den som brukar kortast tid som stikk av med sigeren. 

Diverre skil resultatlista kun på poeng, og ikkje på tid brukt om poengsummen er lik. Slik denne modulen er laga til vil det vere den som tok quizzen først som legg seg øverst på lista om poengsummen er lik. Det vil seie at om fleire har 15 poeng, vil dei ikkje ligge på rett plass på lista i forhold til tidsbruk. 

Vi har sendt gjentatte mailar til utviklarane av denne modulen for å be dei finne ei løysing, men har førebels ikkje fått svar. 

Løysinga vi har kome fram til, er at om fleire knivar i tet på lik poengsum, vil det leggast ut ei midlertidig topp 3-liste på nettsida kvar dag det er endringar på den lista.

 

Vinnaren stikk av med ein flott tursekk med EIL - logo! 

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com