EIVINDVIK IL HAR NY MAILADRESSE. KONTAKT OSS PÅ eivindvikidrettslag@gmail.com  OM DU HAR SPØRSMÅL ELLER VIL GJE RIS ELLER ROS

                                                                                                     

Pin It

Totalt 11 løparar frå Eivindvik IL og Eivindvik skulekrins møtte opp til årets utgåve av det 13 kilometer lange Kongeløpet frå Byrknes til Skjerjehamn. Ytterlegare to løparar deltok i den 5 kilometer lange Kongemarsjen.

Totalt 33 løparar deltok, av desse sprang 20 i herreklassen og 13 i kvinneklassen.

Herreklassen vart vunnen av Hilmar Kråkenes, i kvinneklassen gjekk sigeren til vår eiga Nina Rutledal(sjå bilete over).

 

Beste lokale løpar i herreklassen vart Ronny Ingebrigtsen på 13.plass, tett fulgt av Bjarte Undertun på 15.plass.

I kvinneklassen gjorde våre lokale nesten reint bord på resultatlista. Nina Rutledal tok som før nemnd 1.plassen, Maike Norman Bøe vart nr. 2 og Anne Britt Molde vart nr 4. 

 

Kongemarsjen på 5 kilometer gjekk utan tidtaking og kåring av vinnarar. Alette Leknes og Hannah Aurora Rutledal var lokale deltakarar i denne klassen.

 

Veret viste seg frå si beste side denne dagen, og etter målgang på Skjerjehamn sette folk seg i solsteiken for å nyte heimelaga fiskesuppe og nybakt brød medan ein diskuterte løpet i detalj. 

 

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com