1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Kvart år gjennomfører Rosa sløyfe-aksjonen "Rosa sløyfe-løpet" i dei største byane i Norge. Aksjonen set fokus på brystkreft blant både kvinner og menn, og løpet er med på å generere inntekter til denne viktige saka.

 Grunna Korona-pandemien vart årets utgave gjennomført virtuelt, dvs at ein kan springe kvar ein vil i landet innanfor ein viss datointervall. 

Deltakarane kan velge mellom to distansar, enten tre eller seks kilometer. Dei som ynskjer det, kan etter løpet registrere tida si på sida "rosasloyfe.no" og komme inn på dei nasjonale resultatlistene for løpet.

Primus motor for arrangementet på Flolid var Anne Karin Derås Haveland. Ho hadde uansett tenkt å delta, og lufta ideen for andre via Facebook. Visjonen var å kunne gjere noko sosialt saman i desse usosiale tider. Totalt 30 deltakarar meldte seg altså på, jamnt fordelt over begge distansane. Fantastisk bra deltaking!

Vel i mål vanka det rosa muffins og rosa gulrotkake på deltakarane, dette gjekk ned på høgkant. Ansvarlege for baksten var Nina Rutledal, Dorthea Norman Bøe og Hannah Aurora Rutledal.

Kaptein Rune Håvåg og matros Trond Sleire stilte opp med "Sogneoksen" for transport tilbake til bygda etter løpet.

 

Arrangementet var ikkje i regi av idrettslaget, men alle lokale arrangement med ein idrettsleg profil støttar laget fullt ut opp om. Vi har av den grunn laga ein artikkel om løpet, krydra med situasjonsbilete tekne undervegs. Idrettslaget åtvarar mot enkelte sterke scener på bileta, mellom anna ansiktsuttrykk ein sjeldan vert vitne til i det daglege. Biletkvaliteten er tidvis under pari, vi beklagar dette. 

Biletserien finn de under, klikk på bileta for større bilete og tekst;

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com