1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Oppteljinga av sommartrimmen går mot slutten. Fleire born har greidd kravet men er ikkje medlemer. Likeeins er det fleire faste, årelange medlemer som ikkje har betalt kontingenten.

Kontingenten dykkar er særs viktig for oss, og gjer at vi er i stand til å tilby treningar, arrangement, premiar og medaljar i fjelltrimmen, nye turstiar/turløyper, vedlikehald av desse mm.

Under oppteljinga av sommartrimmen går vi gjennom kven som har greidd premieringskravet. Etter at det er gjort må ein kontrollere kven som er medlemer, slik at ein finn ut kven som skal premierast på årsmøtet i mars neste år. Dei som greier kravet men ikkje har medlemskap i idrettslaget, vil heller ikkje få utdelt medalje under årsmøtet.

Under denne kontrolleringa ser ein altså i år at det er fleire born som har greidd kravet utan å vere medlemer. Det same gjeld fleire vaksne som har vore medlemer i mange, mange år. 

Vi vonar at de berre har gløymt å betale kontingenten, og minner dykk difor på det no. Spesielt for borna er det stor stas med ein medalje, og de som har gløymt det har gjerne og hatt som prinsipp å støtte opp om oss.

NB! Betalar ein kontingenten no, gjeld den for 2020 og fjelltrimpremieringa for i år. For å verte medlem i 2021 må ein betale ny kontingent neste år. 

Gå inn på fana "Bil medlem" øverst oppe på nettsida for å finne informasjon om korleis de betalar og kva slags tilleggsinformasjon vi ber om. Der finn de og kontonummeret de betalar til. Vipps kan og nyttast.

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com