1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Det har dei siste åra vore juksa med medlemslister hos frivillige lag og organisasjonar for å tileigne seg høgare medlemsstønad enn ein har krav på. Eivindvik IL er pålagt å syte for at medlemslistene våre er korrekte, og vi må difor iverksette elektronisk medlemsregistrering frå og med i år. Dette inneber:

Det blir slutt på utlevering av giroar i postkassane rundt om i krinsen. 

All registrering/vidareføring/nyoppretting av medlemskap skjer via adressa medlemskap.nif.no 

Faktura for betaling av medlemskap, som enkeltperson eller eit familiemedlemskap, vert sendt ut til epost-adressene som ligg inne hos oss. Dette skjer via Buypass, ei sikker betalingsløysing som idrettsforbundet har avtale med. De får av den grunn ikkje opp vårt kontonummer når de betalar fakturaen. 

For at vi skal få tilgang til epost-adressene dykkar, MÅ de først registrere dykk som medlem i EIL via medlemskap.nif.no. Dette er raskt gjort, og utfyllinga er forholdsvis intuitiv. Her må de og legge inn fødselsnummer og telefonnummer.

For familiar som vil betale familiemedlemskap, er det viktig at ein vaksen/føresett først registrerar seg og at han/ho deretter legg inn dei andre i hushaldninga som familie. Dette får ein opp spørsmål om ein vil utover i registreringa. 

Vi i idrettslaget vil sende ut fakturaen til dykk, og eit familiemedlemskap vil i utgangspunktet sendast ut til EIN av dei vaksne/føresette.

Faktura sendast ut ein gang pr år. Om ein ikkje ynskjer å vere medlem let ein vere å betale fakturaen.

Vi er i ein innkøyringsfase i år, og av den grunn kan det tenkast at nokre som får faktura allerede har betalt til vårt vanlege kontonummer. Viss de er sikre på at betalinga dykkar var for 2021 kan de sjå vekk frå fakturaen.

Denne løysinga for medlemskapsbetaling er veldig utbreidd blant idrettslag.

Donasjonar til idrettslaget utanom kontingenten skal fortsatt kunne betalast til vår bankkonto 3817.20.02266.

 

Kjetil Rutledal

Leiar Eivindvik IL

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com