1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Macron revealed its new logo

Det er ei glede å kunne meddele at Eivindvik IL har inngått ein treningstøy-avtale med utstyrsleverandøren Macron.

Macron er eit firma med store markedsdelar på sal av treningstøy til klubbar og idrettslag over heile Europa. Fleire norske toppserielag innan idrettar som fotball, basket og handball nyttar denne leverandøren, så kleda er av svært god kvalitet.

 

Ein av hovudgrunnane til at vi starta opp med denne prosessen, er at det for tida er eit aktivt løpsmiljø i laget. Mellom 20 og 25 medlemer trenar og spring løp saman, hovudsakleg på dei litt lengre distansane. Alle representerar dei idrettslaget under løp lokalt, nasjonalt og internasjonalt, men dei har så langt ikkje hatt konkurransetøy som viser kvar dei høyrer til. Dette håpar vi å få gjort noko med no.

Delar av løpsgjengen fotografert under halvmaratonkonkurransen i Praha i 2017

 

Avtalen inneber at det vil verte oppretta ei nettside eksklusivt for våre medlemer, der de kan logge inn og bestille dykk treningstøy frå vår eigen kolleksjon til godt rabatterte prisar(Opp mot 40%.).

 På trøyer, t-skjorter og treningsjakker vil ein kunne legge til logoen vår på ei side av brystet, SPAR Eivindvik-logoen på motsatt side, og eventuelt få trykt på "Eivindvik IL" på ryggen. Desse trykka vert betalt av idrettslaget.

Forslag til t-skjorte. NB! Ikkje endeleg layout!

 

Om ein ynskjer andre typar trykk, til dømes eigne initialar, betalar ein dette sjølv.

SPAR Eivindvik har sagt seg villige til å sponse dette eventyret, noko vi er svært takksame for.

 

Nettsida er under utarbeiding, vi håpar å få den opp og gå i løpet av få veker. Idrettslaget vil informere om dette på nettsida og Facebook, det vil og komme ei oppskrift for korleis ein registrerar seg og handlar klede der. 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com