1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Det er ei glede for idrettslaget å kunne invitere interesserte medlemer til klesprøving i gymsalen på Eivindvik skule sundag 21/11 mellom klokka 14 og 16. Les artikkel for meir informasjon og fleire bilete av kolleksjonen!

Avtalen med Macron Sport vart signert for ei tid tilbake, og vi har no fått tillaga ein eigen kleskolleksjon til dykk. All handel av klede skjer via vår eigen webshop, adressa dit vert lagt ut på nettsida og Facebook etter arrangementet sundag. 

Dei fleste kleda er tilgjengelege i mange størrelsar, alt frå 4XS(110-119 cm) til 5XL(203-210 cm). Idrettslaget har fått utdelt klede i størrelsar frå XS til XXL til denne dagen, så dei fleste vaksne og ungdommar vil finne noko i sin størrelse.

Logoen de ser på biletet er lagt på før alle avtalane var på plass, men den kjem til å sjå omtrent slik ut. I tillegg kjem det ein Spar Eivindvik-logo opp mot skulderen på utsida av høgre arm. Spar Eivindvik har sponsa kleskolleksjonen med kr 10 000,-. På ryggen kjem påskrifta Eivindvik IL til å stå.

Logoane nemnd over vert automatisk trykt på og er førehandsbetalte av idrettslaget/Spar Eivindvik. Ein vil og kunne bestille seg påtrykte initialar på jakker og trøyer(max 4 initialar), dette er tilvalg ein gjer medan ein bestiller produkta i webshopen. Det skal og leggast opp til at ein kan få trykt på ein valfri tekst nede på ryggen av alle trøyer og jakker, kanskje interessant for dei som nyttar kleda i konkurransar og vil skilje seg litt ut. Initialar og fritekst på rygg betalar de sjølve.

Kleskolleksjonen inneheld og nokre fleire t-skjorter og trøyer, samt tightsar og bukser. 

NB! Alle medlemer som vil bestille seg klede må først registrere seg i webshopen. Etter at det er gjort får ein automatisk 30% rabatt på alt ein bestiller, både frå klubbkolleksjonen og frå heile katalogen til Macron Sport. Vi har prøvd å legge inn produkt i fleire priskategoriar, slik at handling av klubbtøy ikkje berre skal verte for dei velbeslåtte av oss. Det er kun kleda/produkta som ligg inne i kolleksjonen til idrettslaget ein kan bestille logoar på. 

 

Størrelsesguide og oppskrift på korleis ein registrerar seg vert lagt ut på nettsida og Facebook når vi legg ut linken til webshopen. Dette skjer så snart vi har gjennomført klesprøvinga og fått beskjed om at systemet er klart til bruk.

 

Velkommen til prøvedag på sundag!

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com