1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Om vermeldingane ikkje held oss for narr vert det relativt kjølig og klårt vinterver i romjula. På same måte som i fjor planlegg idrettslaget då å islegge ballbingen i Prestesundet bustadfelt, slik at

alle som ynskjer det kan knyte skøytene og prøve ut både iskvalitet og balanseevner.

Eit arbeidslag beståande av Rune og Atle Håvåg, Asbjørn Refsdal, Hans Jørgen Vilsvik, Peter Skutvik, Anders og Håvard Indrebø tek ansvar for førebuingar og vedlikehald av anlegget så lenge kulda varer. 

I fjor vart det spylt vatn direkte ned på kunstgraset for å lage til isen. Grunna god drenering i underlaget gjekk dette arbeidet svært sakte i tillegg til at det danna seg utallige luftbobler inni isen som gjorde den ujamn og porøs. Fjorårets is måtte det gjerast tidkrevjande vedlikehald av så å seie kvar kveld.

I år vil det leggast ein tett plastduk i botn før ein startar arbeidet med å lage is. På den måten vonar vi dette arbeidet vil gå mykje raskare, kanskje kan det lagast fleire centimeter i slengen. Dette fører igjen til at fullverdig is kan vere klar på berre eit par dagar. 

Duken vil og kunne sørge for mange færre luftbobler inni isen og mykje mindre vedlikehald. 

 

Viss vermeldingane held seg er planen å starte islegginga vesle julafta. Isen vil i så fall vere klar til bruk 1. eller 2.juledag. Idrettslaget annonserar opninga på nettsida og Facebook. 

Opningstida for skøytebana er kvar dag frå kl 09 til 21.

Hugs å la dei minste sleppe til!

ALL FERDSEL PÅ ISEN SKJER PÅ EIGE ANSVAR!

 

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com