1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Nasjonale retningslinjer frårår innandørs trening for vaksne gitt dagens smittesituasjon. Eivindvik IL har avlyst all trening i sin regi på ubestemt tid. Leiar i Eivindvik IL, rektor Veslemøy Dingen ved Eivindvik skule og kommunelege 1 Anita Pettersen har i dag diskutert bruk av gymsal der private i eigen regi brukar salen til trening.

Dette vil vere gjeldande regelverk frå og med i dag:

- All bruk av gymsalen utover skulen si opningstid vert frårådd.

- Nøkkel i nøkkelboks vert teken vekk og vil no vere hos Kjetil Rutledal.

 

Om private vel å sjå vekk frå nasjonale tilrådingar og likevel ynskjer å nytte gymsalen, gjeld fylgjande:

- Kontakt Kjetil Rutledal for lån av nøkkel.

- Det skal leverast ei skriven liste over deltakarar på den aktuelle treninga til Kjetil når ein hentar nøkkelen.

- Avstand(minimum 1 meter) skal oppretthaldast under heile treninga.

- Etter trening skal ALT brukt utstyr reingjerast, enten spritast eller vaskast, før ein forlet gymsalen. Dette inkluderar alle  dørhandtak og evt toalett om dei har vorte nytta. Utstyr til reingjering finn ein på vasketralla.

- Nøkkel returnerast til Kjetil Rutledal rett etter bruk. 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com