1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

I radio og på tv høyrde ein av og til historiar om menneske med hobbyar utanom det vanlege. Bading midtvinters var ein slik hobby, ofte personifisert av eldre "særingar" som trivdest best i einsemd langt utanfor allfarveg. No har tidene endra seg!

Saniteten i Eivindvik tok i starten av romjula initiativ og inviterte alle interesserte til eit felles "kuldebad" i Signefjæra.

Nyttårsafta kl 12 var tanken å samle flest mogeleg "innfødde" til ein "utfordre deg sjølv"- aktivitet som alle kunne vere med på uavhengig av kjønn, alder eller fysisk form. Skal ein tru initiativtakarane er denne type aktivitet og veldig i vinden for tida.

Etter kvart som klokka nærma seg 12 dukka det fleire og fleire menneske opp i fjæra, nokre sjølvsikre og offensive, andre med ein litt meir forsiktig framtoning og handduken trygt plassert over skuldrane. 

Nøyaktig klokka tolv fyrte Rune Østerbø av startpistolen og manndomsprøva var i gang. Rundt tjue deltakarar la på sprang mot det ukjende, tett observert av 15-20 utskremde familiemedlemmar og andre skuelystne. Omlag eitt minutt seinare var alle trygt på land att.

Kommentarane innimellom febrilsk tørking og påkledning gjekk på at det var kaldt, men kanskje ikkje så kaldt som frykta. Enkelte hevda og at dei vart redda av at dei var så kjappe opp på land att. 

Så fort deltakarane var halvtørre og halvpåkledde gjekk turen til bilen og heim til ein varm, god dusj. 

Eit fantastisk arrangement, utruleg godt oppmøte og veldig mange tøffe lokale heltar i alle aldrar som pusha eigne grenser!

Merk: Eivindvik idrettslag har ikkje tatt initiativ til denne aktiviteten, men sidan vi er ei av få nettsider som skriv om kva som rører seg i bygda vel vi å publisere slike gladsaker.

Biletserien frå arrangementet finn de under:

 

I det klokka nærma seg 12 byrja Signestranda å fyllast gradvis opp

Nokre av ganske mange tilskodarar til kuldebadinga

Nervøs tripping like før start

Startpistolen nylada og klar til bruk

Og DERR var friskusane i gang!

Endeleg på land att, kvar er handduk og klede?

 

 

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com