1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Anton Pidoselnyk og kona Hanna kjem opprinneleg frå den krigsherja Luhansk-regionen i Ukraina. Dei budde i byen Alchevsk med rundt 100.000 innbyggjarar og har der drive sitt eige Aikido-senter sidan 2014.

Biletet over er teke i Anton sitt gamle treningslokale og viser ei av gruppene som har fått opplæringa si der.

Aikido er ikkje ein tradisjonell kampsport, men vert rekna som ein japansk kampkunst der målet er å utvikle og forbedre seg sjølv som person.  Treninga er fysisk, men ein legg like stor vekt på den mentale treningsdelen. 

Fysisk handlar Aikido meir om total kroppsbehelskelse enn kondisjon og styrke. Teknikkane går ut på å uskadeleggjere motstandaren ved låsing eller kast, utan å påføre skade. 

Fallteknikk er ein svært viktig del av treninga, dette gjer utøvarane smidige og mjuke. 

I Aikido legg ein ikkje opp til konkurransar der ein vinnar står att til slutt. I staden utviklar ein seg i miljøet ein trenar i, vidareutviklar seg mentalt og kampteknisk, og progresjonen vert dokumentert ved at ein mottek belter i forskjellige fargar utfrå kvar ein befinn seg på ferdigheitsstigen. Nybegynnarbeltet er kvitt.

Anton og Hanna planlegg å ha sin fyrste treningsdag onsdag 8.mars. Deretter vil ein trene fast kvar onsdag og fredag i Mediateket på skulen. Timen frå 18-19 er sett av til 5.-10.-klassingane, frå 19-20 er det dei vaksne sin tur.

I Aikido brukar deltakarane vanlegvis kimono som treningsklede. Dette kan kjøpast relativt rimeleg, kontakt Anton for hjelp til kvar de finn dette. Han seier at no i starten klarar ein seg fint med vanlege treningsklede.

Då norskkunnskapane er relativt moderate no i starten, vil undervisninga foregå hovudsakleg på engelsk. Både Anton og Hanna vil vere tilstades, begge har vist fram gyldig politi- og trenarattest og er registrerte som medlemmar og trenarar i Eivindvik IL.

Kontaktinfo(tlf.nr) vert lagt inn på lista over treningstider når vi nærmar oss oppstartsdato.

Under ser de nokre action-bilete tekne av Anton i studioet hans i Ukraina:

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com