EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 31.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Akkurat idet ein trudde den gode, gamle, asfalterte tennisbana på Eivindvik stadion var moden for skraphaugen, fekk eit sjølvutnemd dugnadslag for seg at det ville vere altfor gale.

Bana vart flittig brukt dei fyrste tiåra etter fullføringa, men etter at eine nettstolpen kvelva vart det umogeleg å sette opp nettet og bana vart mosegrodd og forfall.

Dugnadslaget beståande av Rune Håvåg, Hans Jørgen Vilsvik, Peter Skutvik, Rudi Haveland, Asbjørn Refsdal, Sindre Indrebø og Anders Indrebø har no lagt ned mange timar for å renovere bana. Den skeive nettstolpen har vorte retta opp og støypt ned på ny. I tillegg er heile bana høgtrykksspylt for å fjerne all mosen. 

Som ein ser av biletet øverst i artikkelen er bana no fullt brukbar att, og dugnadskarane og idrettslaget vonar at mange børstar støvet av tennisracketen sin og tek turen inn for å prøve å gjenoppfriske gamle kunstar. Nybegynnarar er sjølvsagt og hjarteleg velkomne.

Idrettslaget takkar bygdefolket som stiller opp nok ein gong for å gje bygda vår eit løft og voneleg ein ny attraksjon å ta i bruk.

Under ligg ein liten biletserie frå dugnadsprosessen:

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com