1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

 

Årets fellestur 1.mai vart ei utruleg positiv oppleving. 39 i alderen 4 – 78 år stilte til start.

Ivrige unge hjelpte til med å merke opp att undervegs der løypa var blitt litt vanskeleg å finne. Tempoet var greitt også for oss som begynner å bli gamle, slik det bør vere på ein fellestur. Vêret var flott for tur, overskya, litt kjøleg, men lite vind.

På toppen sette vi oss ned til ei god matøkt. Reidun hadde pølser og brød. Nina hadde sekken full med ferske skillingsbollar. Veldig populært! Etter mat og prat, klatring og leik, gjekk dei fleste ned att til Dingjevegen og bilane. Men 13 tøffingar i blanda alder gjekk vidare over Oksebotn, Kjerringnova, Høgefjellet og ned att til Eivindvik.

Dei møtte litt skodde og yr heilt på slutten. Men alt i alt var vi heldige med vêret denne første dagen i lunefulle mai.

Dei som gjekk over fjellet heldt fram med merking av løypa. Så no kan folk finne fram sjølv om dei ikkje er så godt kjende!

«Dette må vi gjere oftare,» var ein kommentar da vi stod nede ved bilane att. Det tyder på at turen var vellukka. 

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com