1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Sommartrimmen 2019 vart ein stor suksess. 181 personar har greidd kravet, ein klar oppgang frå dei seinaste åra.

Det ein i tillegg registrerar, er at dei som nyttar tilbodet mest har gått meir enn nokon gong før. Dette ser ein att i poenglistene nedanfor.

Av dei 181 heldige/dyktige var det 53 stk i yngste gruppe(0 år - 5. klasse), 10 i andre gruppe(6. klasse - 10. klasse), 65 i tredje gruppe(17 år - 59 år), 27 i fjerde gruppe(60 år - 69 år) og 26 i siste gruppa(over 70 år).

Det er i 2019 notert 945 namn på teljelistene våre. Mange av desse går nokre ytterst få gonger  i løpet av sesongen, gjerne i samband med feriering eller besøk.

Nytt frå og med sommartrimmen 2020 er at namn ein berre finn i bøkene ein sjeldan gang, og som ikkje klarar krava til medalje, vil verte lagt i underkategorien "slengarar" under teljinga. Dei aktuelle personane vil då fortsatt verte registrert som brukarar av tenestene til idrettslaget, men ein vil ikkje legge dei inn på dei avsluttande teljelistene der ein oppsummerar og tel opp kven som har klart krava eller vore i nærleiken. For teljekorpset, kjende som Tove og Marit med hjelparar, vil dette lette arbeidet med oppteljing og oppsummering enormt, og namnelistene vil verte drastisk forkorta. 

Under finn de årets lister, i alfabetisk rekkefølge:

(NB! Medaljar og premiar vert kun utdelte til dei som var medlemar i fjor, det året sommartrimmen gjekk av stabelen. Om ein skulle finne seg sjølv eller eigne born på lista over premiemottakarar, og veit at ein ikkje er medlem, kan ein framleis betale medlemskapet for 2019. Ein betalar då via bank eller Vipps, og legg til informasjon om at betalinga gjeld for 2019. Betalar ein medlemspengar no utan å legge ved informasjon om årstal, vil betalinga automatisk gjelde for 2020. ) 

FJELLTRIM 2019; RESULTAT 0 ÅR TIL 10. KLASSE

FJELLTRIM 2019; RESULTAT 17 ÅR TIL 59 ÅR

FJELLTRIM 2019; RESULTAT OVER 60 ÅR

FJELLTRIM 2019; GRUPPERT PREMIERING

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com