1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

I slutten av inneverande veke fekk Halvor ein e-post frå Gisle Skjølberg, Bremanger IL sin koordinator i forhandlingane med Georeg.

Her kjem det tydeleg fram at Georeg kun aksepterar ei brukarfinansiert løysing, dvs ei løysing der ALLE brukarar betalar ein årleg sum for å nytte systemet.

Dei skisserar eit opplegg der årsavgifta for den enkelte brukar vert redusert noko, at idrettslaga betalar ein relativt beskjeden årleg sum, samt at idrettslaga på eige initiativ kan organisere bruk av sponsorar i appen for å redusere kostnadar og potensielt sette ned medlemspengesatsane til medlemane sine.

Etter ein telefonrunde idag, laurdag 22. februar, står styret einstemmig bak sitt tidlegare vedtak vedrørande ei brukarfinansiert betalingsløysing for Georeg - innmelding;

BRUKARANE/MEDLEMANE VÅRE SKAL IKKJE BETALE FOR TENESTER IDRETTSLAGET TILBYR. HAR EIN BETALT MEDLEMSPENGAR, SKAL EIN KUNNE NYTTE TENESTENE/TILBODA VÅRE UTAN EKSTRA KOSTNAD!

Dette betyr i klartekst at vi seier opp avtalen med Georeg innan 31.mars, når den nye betalingsløysinga deira vert teken i bruk.

Idrettslaget set pris på om medlemane ikkje kontaktar Georeg direkte via t.d. Facebook for å lufte sin frustrasjon. Årsaka er at vi ynskjer å få nytte systemet lengst mogeleg opp mot 1. april, mellom anna for å hente ut lister over vintertrim og å lagre anna viktig informasjon som t.d. koordinatar på fjelltoppane. 

 

Kva så med framtida?

Idrettslaget er innstilt på å finne eit nytt digitalt system å ta i bruk snarast råd. Dette systemet må vere betalt av idrettslaget og ikkje av medlemane. 

Vi ser no på forskjellige alternativ, og er overtydde om at vi vil ende opp med ei vel så god løysing i framtida. Det er aktuelt å nytte allerede eksisterande system, men like interessant er det kanskje at lokale krefter hevdar å kunne tilby eit fullgodt system innanfor forutsetningane våre.

Kortid ein kjem i gang med eit nytt digitalt teljesystem er litt for tidleg å seie, men ein håpar å ha eit fullgodt, kvalitetssikra verktøy klart i løpet av få månadar. Enn så lenge går ein tilbake til å skrive seg i bøkene. 

 

Under finn de kopi av mailen frå Bremanger IL;

 

Hei igjen!
Har vore i kontakt med Georegteamet som har hatt eit statusmøte internt og diskutert den skisserte løysinga som vi har diskutert via e-post. Realtietane er at vi står alt for langt frå kvarandre til at Georeg vil akseptere vårt forslag opp mot det dei forventar vil komme av innbetalingar ved ei brukarfinansiert løysing. For å bruke litt av dei same billedlege samanligningane som Georeg har brukt i sin argumentasjon så må vi nok stable på beina ei finasiering som tilsvarer ei gjennomsnitteleg industriarbeidarløn på kr 400.000, eller 4 gonger meir enn det vi har diskutert så langt. Tvilsomt at alle laga blir med på 13.000 i årlege avgifter og desto meir blir det å spytte inn for dei som står igjen. Er nok uaktuelt for dei aller fleste då det er andre konkurransedyktige aktørar på markedet når ein kjem opp i dette prisleiet.
 
Så sluttstatus/forslag frå Georeg er dette:
  • Kontingent kr 10/mnd betalt forskuddsvis kr 120/år. Året går normalt frå 1/3 til 28/2. Ingen famliepakke.
  • Georeg beholder forsatt kr 1000,- pr lag som deltek. Dei som ønsker å disponere lokal reklameplakat med min 50 % visning betaler kr 2000,- i faste utgifter. Her vil det vere muleg å hente innekter for dei laga som klarer å skaffe lokale sponsorar eller ønsker å profilere eksisterande sponsorar eller legge ut info til brukarane av appen. Georeg må godkjenne banner og URL før ein kan legge ut noko. Banner på max 280x220 px i png-format må laga sjølv lage.
  • Overgangsperiode ut mars for dei som ønsker å gå over til penn og papir slik at det blir tid å organisere dette og varsle medlemmane sine.
  • Planlagt lansering er 1.mars med med 1.april som betalingsfrist.
  • Om nokon av laga allerede tek ein lokal deltakarkontingent for sine fjelltrimmar vil Georeg sjå på muligheten for at det f.eks blir kr 20 pr/mnd (basert på årleg deltakarkontingent) å betale, der kr 10 går direkte tilbake til laget ved årets slutt ut frå antall deltakarar. Deltakar må då velge "sitt" lag ved påmelding/betaling.
Dette er kortversjonen. Georeg-teamet som er på kopi kan komme med meir utfyllande opplysningar i denne epost-gruppa om dei ønsker det. Dei enkelte laga er velkomne til å ta kontakt på mail til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. for å diskutere sine meiningar.
 
"Mitt" lag Bremanger Idrettslag kjem ikkje til å gå tilbake til papir med det første, men vil nok ta ei evaluering ved årets slutt når ein har status på antal deltakarar som bruker Georeg. Dette er første året vårt med Georeg og så langt har litt over 80 tatt appen i bruk, i fjor var det totalt 2700 ulike personar innom fjelltrimmen (og 14-15.000 besøk totalt) men mange av desse var sjølvsagt berre tilfeldige sommarturistar som aldri hadde lasta ned ein app for å registrere seg. Vi håper på iallefall 200 brukarar og at dei ivrigaste er blant desse. Om kr 120,- vil påverke oppslutninga er vanskeleg å sei men vi ser at det uansett vert ein kostnad med å nytte seg av elektronisk registrering kontra penn og papir. 
 
Uansett, lykke til med turåret 2020 :-)
 
Mvh Gisle Skjølberg
Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com