1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Så er endeleg dagen komen; Prestegardsstien mellom sjukeheimen og Haugane er no ferdig

Det siste som vart gjort var å lage ferdig brua bak Magnor Midtun, samt å legge mold inntil overgangen mellom brua og stien.

Planen no er å få sett ut nokre benkar langs stien. På sikt ynskjer ein å byggje opp att naturleikeplassen ovanfor Krossteigen, lage til ny gapahuk og skape ein triveleg samlingsstad for dei yngste.

 

Idrettslaget tek med stor takksemd imot fleire donasjonar frå bygdefolket. Pengane vil gå til ytterlegare opparbeiding av nærområdet rundt stien, samt til vedlikehald.

Idrettslaget rettar ei stor takk til alle dugnadsarbeidarar som har delteke, samt til entreprenørfirmaet Roy Nerdal, Ove Nese, Rolf Daniel Midtun og Steffen Svidal. Ei stor takk går og til Oddfinn Nyhammer for utleige av dumper til transport av pukk, stein, sand og mold.

Det einaste som gjenstår då, er å ynskje bygdefolket hjarteleg velkomne til å ta i bruk den nye turstien!

  

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com