FØREBELS RESULTATLISTE: 1. EIRIK FOSSE 1.04 MIN.                                                                                                                                 2. INGER SOGNEFEST 1.37 MIN.
                                           3. SUZANNE BAUGE 2.01 MIN 

                                                                                                     

Pin It

I starten av juli vart frisbeegolf-bana langs Prestegardsstien gjort klar til bruk. Starten, og postkassen med frisbeear og lister for teljing av poeng, er plassert oppi første bakken når ein kjem gåande frå byggefeltet i Øvre Stølen.

Bana består av totalt 9 "hol", og ein må bevege seg litt på kryss og tvers av Prestegardsstien undervegs. Kart over samtlege fangarar finn du i løypa.

Området treng fortsatt litt bearbeiding. I løpet av hausten vil idrettslaget kalle inn til dugnad, få grøfta og grusa litt rundt fangarane, samt lage til skikkelege utkastpunkt med nummerskilt og informasjon om den enkelte fangaren. Støvlar er godt skotøy når det er vått i marka!

NB! Idrettslaget har 4 frisbeear liggande i postkassen. Vi er avhengige av at folk som prøver bana ut, legg frisbeear og skrivesaker attende etter bruk. Om utstyret vert vekke av ymse grunnar, ber vi om at de kjøper inn nye frisbeear og legg i postkassen. Frisbeeane vi brukar er kjøpt hjå XXL.

Under ser de nokre bilete frå utprøvinga av løypa:

Bilete frå ute i løypa

Startpunktet for fangar nr 1.

Nummerskilt for fangar nr 9

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com