1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Idrettslaget har den siste tida vorte kontakta gjentatte gonger med spørsmål kring vintertrimmen. Frå og med i dag vert fylgjande endringar gjort;

Dei postane som tidlegare kun har lege ute og vore poenggjevande i sommartrimmen, vert no inkludert i vintertrimmen.

NB!! Det vil leggast ut bøker for vintertrimmen på fleire av desse postane, men ikkje alle. Dette skuldast hovudsakleg årstida vi er i, vanskelege løypeforhold eller postar med særs låge besøkstal i vinterhalvåret.

Georeg er aktivert på samtlege postar frå og med i dag. 

 

Under finn de ei oversikt over postane som no og vert gjort tilgjengelege for vintertrimmen:

Eivindvik-området:

Svabergveten, Svabergfjellet, Ormekletten, Sagefjellet, Kvitebergnova, Vatnestølen, Eikedalselva

Hisarøy:

Samtlege postar opnast for vintertrimmen.

Nordgulen-Havelandsområdet:

Tveiteskaret, Nordgulselet, Nordgulstølen, Skåldalsnova, Havelandsstølen, Røyrfjellsnipa.

Hantveit:

Rothågen, Hantveitstølen.

 

På Georeg står det fortsatt (sommartrim) bak nokre av desse postane. Dette skal rettast opp i snarast råd, men ein vil sjølvsagt få med seg alle poeng ein tek på postane frå i dag av uavhengig av kva som står der no.

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com