1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Årets sommartrimsesong vart avslutta 31.oktober. Frå og med 1.november har alle poeng de har oppnådd vorte registrert i vintertrimmen, der og Georeg vart nullstilt same dag. Vintertrimmen sine ekstrakonkurransar er i år:

Aldersgruppe 0-6 år: 5 turar på Gulakvila. Vinnaren får gåvekort på kr 500,- frå XXL.

Aldersgruppe 1.-10.klasse: 5 turar på Storemyra. Vinnaren får gåvekort på kr 500,- frå XXL.

Open klasse(0-100 år): 10 turar på Storemyra. Vinnaren får gåvekort på kr 1000,- frå XXL.

Eliteklassen(Dei som lever og andar for lange fjellturar): 10 turar på Høgefjellet. Vinnaren får gåvekort på kr 1000,- frå XXL.

 

Idrettslaget ser at kravet for å kunne vinne "Open klasse" gjennom fleire år har vore svært vanskeleg. Dette har igjen ekskludert mange frå nokonsinne å kunne vere med i premietrekninga, hovudsakleg av alders- eller kondisjonsmessige grunnar.

Vi held fram med ein open klasse, men reduserar kvalifiseringskravet slik at mange fleir får sjansen til å kunne vere med i premietrekninga.

Samstundes opprettar vi ein ny klasse, "Eliteklassen", der dei ivrigaste av dykk kan tevle mot kvarandre. Her vil kravet gjerne innbefatte ein del lengre turar, enten til ein spesiell topp eller til fleire toppar spreidd over eit større geografisk område.

Vi nemner og at ein kan vere med i premietrekninga av fleire klassar samtidig. Ein ungdom kan til dømes gå totalt 10 turar til Storemyra og vere med i trekninga for 1.-10.klasse PLUSS trekninga for Open klasse.

 

Lukke til!

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com