1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Frå og med oppstart av sommartrimmen 1.april, vil poengregistreringa for dei som ikkje nyttar Georeg skje på ein heilt ny måte.

Bøkene som ligg på postane vert frå då av reine "gjestebøker", altså bøker som ikkje vert telt med når status skal gjerast opp etter endt sesong.

Etter mal frå Brekke IL vil vi no i staden legge ut eit skjema der ein sjølv har ansvar for utfylling og poengteljing gjennom sesongen. Skjemaet må innan gitt frist leverast attende til oss, ferdig utfylt, om ein ynskjer å vere med i sommartrim-konkurransen eller seinare konkurransar.

Skjema vil verte lagt ut på Spar Eivindvik og i kommunehuset i Eivindvik. Det vil ligge tilgjengeleg for nedlasting på nettsida før 1.april. I tillegg vil eit utval postansvarlege og andre medlemmar spreidd rundt i skulekrinsen sitte med skjema, dei kan kontaktast ved behov. 

Førstesida av skjemaet inneheld ei kort oversikt over poengkrav, premieringsinfo og  anna nyttig informasjon.

 

Hos desse personane kan de få skjema til utfylling:

 

Una Prestegaard, tlf 91741914

Gunn Birknes, tlf 48219020

Margrethe Thune Trædal, 90872995

Bente Iren Høydal, tlf 99370069

Aashild Rutledal, tlf 90538956

Hege-Beth Brosvik, tlf 95256951

Anita Vatne, tlf 90134069

Mariann Nyhammer, tlf 41607334

 

Vi oppmodar flest mogeleg om å nytte Georeg-appen til registrering av poeng på post, dette er enkelt å få til og lettar teljearbeidet for oss. Oppskrift på korleis ein kjem i gang med Georeg finn de om de klikkar på "Georeg"- ikonet heilt øverst oppe på nettsida.

 

Det er kun medlemmar i Eivindvik IL som får poengsummen talt opp og registrert i fjelltrimmen!

 

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com