BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                                                      

Pin It

Årets sommartrimsesong er no straks ved vegs ende. Dei som framleis manglar nokre poeng eller vil klare krava til ekstrakonkurransane har frist på seg ut kommande mandag. Frå midnatt natt til tirsdag vil alle

poeng registrerte på Georeg telje med i Vintertrimmen. 

I år har det vorte gjennomført ei stor endring i måten ein registrerar og får talt opp poenga sine på. Bøkene som ligg på postane er no reine gjestebøker, og turar som kun vert registrert der vert ikkje talde opp når idrettslaget summerar sesongen.

Slik registrerar du poenga dine og får dei med i fjelltrimmen:

1.Du brukar tur-appen vår Georeg. Viss du aldri har nytta den før, ligg det ei lettfatta forklaring til korleis ein lastar den ned og tek den i bruk øverst oppe i høgre hjørnet på nettsida vår. Georeg er idrettslaget sin føretrekte måte å registrere på, bruk av appen reduserar arbeidsmengda til teljekorpset merkbart.

2. Du fyller sjølv ut skjema for alle turane du gjennomfører i løpet av fjelltrimsesongen. Skjema finn du anten ved å laste det ned frå nettsida vår http://eivindvikidrettslag.no/images/Pdfs/registreringsskjema.pdf eller du finn det på utvalde plassar som t.d. butikken eller kommunehuset.

Utfylte skjema leverast til Tove Rutledal i god tid innan fristen for fjelltrimsesongen går ut.

NB!! Alle er hjarteleg velkomne til å gå dei flotte stiane og turvegane våre, men om du ynskjer premiering i fjelltrimmen eller å kunne delta i trekningar knytt opp mot ekstrakonkurransane våre, MÅ du vere medlem i Eivindvik IL. 

For å melde deg inn, klikkar du berre på linken øverst oppe på sida. Du kjem då inn på eit registreringsskjema tilrettelagt av Norges Idrettsforbund. Gjennomfør registreringa, registrer deretter dei andre i husstanden på samme måte, og medlemsskapet er i boks. Faktura vert sendt ut ein gong i året, ikkje i samband med sjølve registreringa.

Denne registreringsmåten syter for at Eivindvik IL får utbetalt tilskot frå stat/fylke årleg, jo fleire medlemmar jo høgare tilskot. 

Medlemspengar vert ikkje betalt direkte til kontonummeret vårt lenger, dei bør gå via ovannemnde skjema. Donasjonar kan fortsatt gjerast til vårt kontonummer 3817.20.02266

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com