1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

29.desember gjekk årets Nissemarsj av stabelen under aldeles nydelege værtilhøve. Totalt 61 personar deltok på arrangementet, noko som er ein oppgang på nærare 50% frå fjorårets marsj!

 Ruta gjekk frå buss-skuret i krysset nedanfor Bjelde-huset, opp i Øvre Stølen, vidare til Prestesundet og tilbake til krysset der ein kunne få seg ein kopp varm kakao, saft og/eller pepperkaker etter innsatsen.

Ansvarleg for marsjen var Anne Revheim Refsdal frå barne- og ballaktivitetsgruppa i idrettslaget.

Deltakarane var i alle aldrar, frå barnehagebarn til spreke pensjonistar. Tilbakemeldingane frå dei som deltok var at det var veldig kjekt å endeleg kunne gjere noko saman igjen i desse spesielle tidene. 

Idrettslaget ynskjer å takke alle som stilte opp og gjorde arrangementet til ein suksess!

Under finn de bilete tekne undervegs;

Heile flokken samla i det startskotet gjekk.

 Bodil Håvåg og Tove Rutledal til venstre, Martin Husevåg og Gunnar Bøe til høgre.

Dei tre fyrste til å fullføre marsjen, Edvard Håvåg Husevåg til venstre, August Norman Bøe bakerst og Noah Rutledal til høgre.

Resten av nissemarsj-deltakarane nærmar seg målsnøret.

I buss-skuret stod Mathea Håvåg og Hannah Aurora Rutledal klare med rykande varm kakao, saft og pepperkaker.

Deltakarar nyt julekaker og drikke etter målgang.

Familien Ludzik stilte opp for fotografen. Przemyslaw Piotr Ludzik til venstre, Hanna i midten og Anna Karolina Wosik Ludzik til høgre.

Sebastian Kvernøy har fått seg noko godt i glaset.

Det tynnast ut i rekkene og arrangementet nærmar seg slutten.

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com