1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

14. august kl 11 går startskotet for idrettslaget si nyvinning Eivindvik Challenge. I denne artikkelen finn du utfyllande informasjon om arrangementet, mellom anna påmeldingsinformasjon, konkurransereglar og krav til innlevert samtykkeskjema for deltakarar under 18 år.

Kva er Eivindvik Challenge?

Eivindvik Challenge er ein uformell, trivselsprega par-konkurranse som inneheld mange ulike element. I løpet av dei tre timane konkurransen varer kan ein ha vore innom både sykling, fjellgåing, padling, bading, krabbing og praktiske samarbeidsoppgåver av ymse slag. 

Dette er ikkje ein konkurranse kun for dei sprekaste. Laga vel sjølve kva tempo dei vil halde og kor mange eller kor harde postar dei vil gjennomføre. Det er rikelig med tid til både å slå av ein prat med forbipasserande, ta seg ein kaffikopp eller kjøpe seg ein is undervegs i konkurransen. Fokuset vårt er at deltakarane skal sitte att med ei kjensle av at dette var skikkelig moro å vere med på!

Ved start får ein utdelt kart over området mellom Mjåneset og Svaberget. På kartet er det merka av ca 25 postar og kor mange poeng ein får på kvar post. Para må då vurdere kor mange og kva slags postar dei vil forsøke å nå utifrå forventa tidsbruk og kor mange poeng ein får på kvar plass. 

For å dokumentere at ein har vore på eller klart dei forskjellige postane, skal laga ta bilete eller filme seg sjølve med eigen mobil når dei er der. Dei skal deretter sende svaret til oss på Messenger.

 

Informasjon om konkurransen

Konkurransen er eit alkoholfritt arrangement.

Konkurransen startar og sluttar på kaia nedanfor hotellet.

 

Eit lag består av to personar, og klassane i år er;

-Jenteklasse(13-18 år).

-Guteklasse(13-18 år).

-Mixklasse ungdom(13-18 år).

-Dameklasse.

-Herreklasse.

-Mixklasse vaksne.

 

Oppmøte kl. 10. 

Deltakarlaga får utdelt startnummer, det vert gitt utfyllande informasjon om konkurransen, felles oppvarming til musikk og litt tid til småprat laga imellom.

Konkurransen startar kl. 11 og varer til kl. 14. Dei laga som ikkje er i mål innan tidsfristen, mistar eitt poeng for kvart minutt ein er for sein. Målgang etter kl. 14.15 medfører diskvalifikasjon.

Det er ikkje mogeleg å rekke alt på tre timar. Det er ein forutsetning at ein nyttar sykkel mellom postane, det er tross alt snakk om ganske store avstandar.

Bilete eller video sendast inn fortløpande, det vil seie rett etter at ein har fotografert eller filma seg sjølv på posten. Dette for å lette arbeidet med teljing og for å unngå at bilete eller videoar dukkar for seint opp. På dokumentasjonen/bildet/videoen skal flagget som står på kvar post alltid vere synleg. Det er kjekt om ein klarar å flette litt humor inn i innsendt dokumentasjon.

Bilete og videoar skal sendast på Messenger til Kenneth Kidøy. Dette betyr og at ein må være brukar av Facebook for å kunne sende inn bilete. 

Premiering i ungdomsklassane vil skje i målområdet rett etter målgang, så snart teljekorpset er ferdige med oppsummeringa.

Vinnarlaget i dei forskjellige klassane er det laget som har samla saman flest poeng innanfor tidsfristen på tre timar.

Beste/mest kreative kostyme vert premiert i både ungdoms- og vaksenklassen.

 

Reglar og krav til sikkerheit under sjølve konkurransen

- Laga vel kva postar dei vil prøve seg på basert på vær, kunnskap og fysiske evner.

- Laga vel vegen dei vil ta til postane basert på vær, kunnskap og fysiske evner.

- Startnummer skal plasserast godt synleg på begge lagmedlemer.

- Alle deltakarar må ha eiga ulykkesforsikring.

- Bruk av GPS er tillete, men samsvarar ikkje 100% med kartet. Kartet er det som gjeld.

- Det skal vere maksimalt 20 meter mellom deltakarane i løypa til ei kvar tid.

- Det er ikkje tillete med følgebil undervegs i syklinga.

- Trafikken er ikkje regulert grunna konkurransen, trafikkreglane gjeld til ei kvar tid!

- Det er påbod om bruk av sykkelhjelm når ein syklar.

- Det er påbod om bruk av flytevest når ein padlar kajakk eller padlebrett/SUP. Flytevest ligg på dei aktuelle postane.

- Når ulykker skjer, er det obligatorisk å hjelpe til.

- Ved behov for enklare medisinsk hjelp, ring telefonnummer på baksida av kartet.

- Ved alvorlege ulykker, ring 113.

 

Bankett på hotellet kl. 18 - 20

For alle deltakarar i vaksenklassane(dei over 18 år) blir det arrangert bankett i teltet nedanfor hotellet eller kjellaren på hotellet frå kl. 18. Her vil idrettslaget dele ut premiar til vinnarlaga i alle klassar samt den gjeve kreativitetsprisen. På storskjerm i kjellaren vil bilete frå dagens konkurranse gå kontinuerleg.

Under banketten kan ein bestille seg drikke(med eller utan alkohol) eller varmmat frå hotellet. Mat og drikke betalast av kvar enkelt.

Smittevernlegen i Gulen har godkjent bankett-arrangementet under forutsetning av at ein held avstand og at servering skjer ved borda. 

For dei som ynskjer å fortsette feiringa etter at banketten er ferdig, vert det arrangert konsert med Gunslingers på hotellet same kveld. Alle som vil inn på hotellet den kvelden, MÅ ha kjøpt seg konsertbillett for å komme inn. Konsertbillettar finn de her: 

https://tikkio.com/tickets/23629-gunslingers-eivindvik-brygge 

 

Påmelding og påmeldingsavgift

Eivindvik IL har sett eit øvre tak på deltakarar til både konkurransen og banketten. Til Eivindvik Challenge er grensa sett til 100 personar eller 50 par, til banketten er grensa sett til max 80 personar. 

Påmelding sendast til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. seinast 7. august. I mailen fører de opp om de melder dykk på berre konkurransen eller både konkurranse og bankett. Det er nok at ein av deltakarane på laget sender inn påmeldinga. Den som sender oss mail fører då opp namnet på begge deltakarane, alder(dersom ein er under 18 år)pluss kontaktinfo(tlf.nr, mailadresse).

Laga må i tillegg oppgje eit lagnamn i mailen, gjerne eit namn med humoristisk snert.

Påmeldingsavgifta er sett til kr 300 pr. lag. Pengane vippsast samla(EI innbetaling pr.lag) til Eivindvik IL innan påmeldingsfristen 7. august.

 

Innlevering av samtykkeskjema for deltakarar under 18 år

Alle deltakarar under 18 år må levere inn samtykkeskjema signert dei sjølve og ein føresett for å kunne delta på alle postane/oppgåvene. Samtykkeskjemaet kan signerast, takast bilete av og sendast inn saman med påmeldinga på mail til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. 

Samtykkeskjemaet finn du HER

 

Fotografering og video-opptak

Eivindvik IL planlegg å legge ut artiklar og enkelte bilete/videoar av arrangementet på heimesida, Facebook og kanskje på Youtube-kanalen vår. Vi legg ikkje ut bilete og videoar av deltakarar i svært lettkledde eller pinsame situasjonar. Om nokre av dykk likevel ynskjer å unngå denne type publisering må de gje oss beskjed om dette. Dette kan gjerast i eigen mail eller ved å gje beskjed i mailen der de melder dykk på konkurransen.

 

Har de fleire spørsmål knytt til arrangementet, kontakt oss på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Vel møtt!

 

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com