1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Det er gledeleg å kunne meddele at totalt 23 lag er påmeldte til konkurransen lørdag 14.august kl 11-14. 

 Kommunelege Anita Pettersen har godkjent arrangementet under fylgjande føresetnadar;

- Under arrangementet skal ein til ei kvar tid prøve å halde seg minimum ein meter unna andre deltakarar.

- Føler ein seg sjuk, har kraftig forkjøling eller influensaliknande symptom held ein seg heime.

- På seks av postane står det utplassert handdesinfeksjon. Deltakarane er sjølve pliktige til å desinfisere hender FØR og ETTER ein er på desse postane. 

- Under banketten om kvelden skal ein fylgje avstandsreglane. All servering av mat/drikke skal skje ved borda.

 

Praktiske opplysningar:

- Konkurransedelen av Eivindvik Challenge er eit rusfritt arrangement. Eventuelle berusa deltakarar vert tekne ut av konkurransen.

- Syklar skal IKKJE plasserast ved butikken. Dei sett ein frå seg anten på nordsida av murhuset ved bensinpumpene eller på plassen utanfor lokalet som tidlegare har vore trygdekontor, husflidsbutikk og no sist "Møteplassen."

- Alle er pålagde å bruke hjelm under syklinga!

- Oppmøtetid er kl 10.

- Gå til sekretariatet og hent startnummer. Startnummera må leverast attende til sekretariatet straks laga er komne i mål.

- Laga stiller parvis opp til fotografering før start. Deltakarar som ikkje vil takast bilete av må melde frå om dette, nokre bilete vil verte publisert på idrettslaget si nettside/Facebookside i etterkant av løpet.

- Oppvarming til musikk.

- Presentasjon av laga samt kjapp repetisjon av viktige opplysningar rett før start kl. 11.

 

- Dokumentasjon av fullførte oppgåver skal sendast som bilete eller videoar på Messenger til Kenneth Kidøy. Det vil opprettast ei gruppe før konkurransen der alle deltakarar vert invitert.

- På bileta/videoane ein sender inn MÅ de ha med startnummer og flagg med postnummer som er utplassert på kvar post. 

- Ein sender inn dokumentasjon fortløpande, dvs straks ein har fullført ein post. Om ein ikkje har dekning der posten er, sender ein inn dokumentasjonen så fort ein har fått attende dekninga.

- Alle lag skal vere i mål kl 14 presis. Ein mistar eitt poeng for kvart minutt som går etter dette. Målgang etter kl 14.15 medfører diskvalifikasjon.

 

Lykke til!

 

 

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com