1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Totalt 11 ungdommar og vaksne trossa fandenivoldske værmeldingar og stilte til start på årets utgåve av Rosa sløyfe-løpet på Flolid. Biletserie i artikkelen!

Kvart år gjennomfører Rosa sløyfe-aksjonen "Rosa sløyfe-løpet" i dei største byane i Norge. Aksjonen set fokus på brystkreft blant både kvinner og menn, og løpet er med på å generere inntekter til denne viktige saka.

Som i fjor vart løpet gjennomført virtuelt, dvs at ein kan springe kvar ein vil i landet innanfor ein viss datointervall. 

Deltakarane kan velge mellom to distansar, enten tre eller seks kilometer. Dei som ynskjer det, kan etter løpet registrere tida si på sida "rosasloyfe.no" og komme inn på dei nasjonale resultatlistene for løpet. 

Av dei totalt 11 som deltok, sprang/gjekk 8 deltakarar løypa på 3 kilometer medan dei tre sprekaste sprang lengste distansen på 6 kilometer i aldeles nydeleg haustvær.

Når samtlege deltakarar var komne i mål vart det trekt flotte premiar mellom alle som var med. 

Initiativtakar for løpet var i år som i fjor Anne Karin Derås Haveland.

Biletserien frå arrangementet finn de under, klikk på bileta for større bilete og tekst. Det kan ta ei tid før bileta dukkar opp i nettlesaren, her er det berre å ta tida til hjelp.

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com