1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Rundt 50 små og store samla seg i dag til julegrantenning på Prestekaia. Arrangementet går på omgang, i år var idrettslaget arrangør. Sjå flotte bilete i artikkelen!

Tradisjonen tru vart det i år som tidlegare år invitert til tenning av julegran, julemusikk, gløgg og pepperkaker. Hjelpekorpset, som velvillig har stilt opp med instrumenta sine på denne dagen i ei årrekke, var hardt ramma av sjukdom og kunne diverre ikkje ta del i år. Julemusikk vart det likevel, denne gongen kom tonane frå ein høgtalar.

Det er rare tider med tanke på Koronasmitte og nye  variantar av viruset, så vi bestemte oss for at den tradisjonelle gangen rundt treet vart sløyfa i år. Nokre av dei minste borna fekk seg likevel ein runde eller fire rundt treet litt utpå. Hovudansvarlege for henting av tre og pynting var i år Asbjørn Refsdal og Hans Jørgen Vilsvik.

Trekløveret Brita Eidsnes, Anette Halbrend Kvernøy og Veslemøy Dingen stilte opp som mat- og drikke-komite, både gløgg og pepperkaker fekk bein å gå på.

Både ungar og vaksne let til å kose seg i kulda, under ser de nokre blinkskot tekne undervegs. Biletkvaliteten kunne nok ha vore betre, men dette var ikkje enkle forhold for ein hobbyfotograf.

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com