1.MAI-TUR, KROSSTEIGEN-VASSVERKET-STORMYRA-RIMMANE

VASSVERKET OPP 11.MAI KL 12

EIVINDVIK CHALLENGE 15.JUNI

EIVINDVIK CUP 24.AUGUST

BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Laurdag føremiddag gjekk årets Eivindvik Challenge av stabelen. Heile 50 deltakarar stilte til start på ein dag som byrja med tjukk tåke langt nedover fjellsidene, men avslutta i strålande sol.

 

Idrettslaget hadde lage til koppar med frukt og rikeleg med saft til deltakarane når dei kom i mål.

I år vart eit nytt system for poengteljing nytta for første gang. På alle postar var det utplassert ein QR-kode som skulle avlesast med smarttelefonen før ein svarte på evt spørsmål og dokumenterte med ein selfie at ein hadde vore der. Ansvarlege for at alt det tekniske fungerte var Kristian Kolås og Igor Misic.

Litt før start var det tid for oppvarming, under rettleiing av Anne-Britt Molde og Elisabeth Rahner.

Nokre lag satsa på "energi-barar" undervegs og hadde lommene fulle for å sjå om dette kunne gje dei ein fordel.

Klokka 11 gjekk startskotet, deltakarane kjempa om å nå karta sine medan kruttrøyken lå tjukk over området.

Som ein kunne forvente inntok deltakarane kart-sona på forskjellig vis. Dei med blått blod i årene hadde med eigen raud løpar og trippa bortover slik ein truleg gjer i desse kretsane.

Før ein la i veg måtte karta studerast og planen leggast for flest mogeleg innsanka poeng på tre timar.

Nokre deltakarar såg på det å stille opp som ein stor siger i seg sjølv..

Vel oppe på sykkelparkeringa var det tid for ein ny løypesjekk...

og deretter bar det av gårde.

 

Under kjem ein del bilete frå nokre av postane, hovudsakleg i Eivindvik sentrum.

Samarbeid- Få ballen frå A til B gjennom røra:

Garnkryping:

 

Padlepost til Fonna og attende:

 

Klatreposten:

 

Sykkel må nyttast mellom postane

 

Off-piste i Espevika. Kvar er posten?

 

Bygging av steintårn i Sollibotn Industriområde:

Gjett kor mykje kjegla rommar:

 

Selfie må takast på kvar post

 

Dykkepost i Signefjæra:

 

Kartet vert nytta flittig undervegs

 

Bogeskyting:

 

Første par i mål

 

Etter tre timar og to minutt var samtlege lag i mål. Medan dei leska ganen med saft, åt frukt og diskuterte løpet med andre lag, jobba teljekorpset seg gjennom resultatlistene. Ikkje alle lag hadde fått dette med avlesing av QR-kode like godt til, av den grunn vart nokre poeng etterregistrert i målområdet. 

Sigerspallen i dei forskjellige klassane vart sjåande slik ut:

 

Mix-klassen:

1.plass: Max Flax(Jonas Midtun/Hannah Aurora Rutledal)

2.plass: The Underthuns(Asbjørn Tobias Underthun/Linnea Underthun)

3.plass: Maskeradarpar(Silje Winther/Eirik Høydal)

 

Herreklassen:

1.plass: Dum og Dummere(Grim Haveland/Gaute Haveland)

2.plass: Team skjønnheten og udyret(Terje Ones/Pål Overdevest)

3.plass: Youngboys(Jarle Leknes/Jørgen Håvåg)

 

Dameklassen:

1.plass: Karius og Baktus(Maike Norman Bøe/Veslemøy Vold)

2.plass: På jakt etter postane(Mathilde Wergeland/Emma Karoline Rutledal)

3.plass: Medusa`s søstre(Reidun Huseby Vilsvik/Nina Rutledal)

 

Kostymeklassen:

1.plass: Karius og Baktus(Maike Norman Bøe/Veslemøy Vold)

2.plass: Wannabeez(Ragnhild Undertun/Anne-Britt Molde)

3.plass: Queens of Fart(Veslemøy Dingen/Elise Molde)

 

Til slutt ynskjer vi i idrettslaget å takke alle som sette av tid til å vere med og gjere dette til ein fest. Ei stor takk går og til fotografane Rune Fjæreide og Ivar Rutledal som har teke flesteparten av bileta i artikkelen. Diverre har ein ikkje klart å forevige alle laga i aksjon, dette er vanskeleg å få til når konkurransen går over store avstandar.

Vi kjem attende både med lagbileter av samtlege lag pluss komplette resultatlister, det vil og leggast ut ein video på Youtube-kanalen vår med innsendte konkurransebidrag. 

Vel møtt neste år!!

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com