BLI MEDLEM: medlemskap.nif.no                              Trenings tider

Pin It

Nokre var med for fyrste gong, andre hadde ein agenda og opptrådde med kjølig eleganse og kanskje litt overdriven tru på eigne evner. Været var framifrå og stemninga jamnt over god, årets Eivindvik Challenge vart ein ubetinga suksess!

23 lag i sin beste alder møtte opp nedanfor Gulating Hotell i Eivindvik rundt kl 10 laurdag 12.august. Flest lag var påmeld i dameklassen, men og mellom laga i herre- og mix-klassen skulle det kjempast innbitt om medaljane. 

Idrettslaget var i år så heldige å få Ingrid Hellwege Haveland med på laget, ho stilte som konfransier og intervjua skuelystne og deltakarar både før og etter konkurransen.

På IT-benken hadde vi i år som i fjor Kristian Kolås, denne gongen flankert og assistert av Halvor Elde. Desse to heldt overoppsyn med at poengsystemet fungerte som det skulle, og var disponible for tekniske spørsmål frå deltakarane undervegs.

Etter at laga hadde fått utdelt startnummer, teke lagbilete og testa registreringsmetoden på postane, var det klart for oppvarming. Mannen som fekk det ærefulle oppdraget med å løyse opp stiv musklatur og få blodpumpa i gang, var ingen ringare enn den gamle storscoraren til Gulen FK, Sonny Hæggernes.

Han jobbar som familieterapeut til dagen, så sjølv om enkelte av øvelsane vekka undring hos deltakarane, fekk han alle med takka vere framifrå pedagogiske evner. Latteren satt laust og var ein viktig del av bidraget hans.

Parallelt med lagkonkurransane der poenga var viktigast, gjekk det ein eigen kostymekonkurranse. Mange lag hadde brukt mykje tid på bekledninga, og for nokre var nok dette den gjevaste prisen å vinne. Til å kåre dei beste antrekka hadde vi i år fått inn elitedommarar frå Brekkebygda, noko som skulle sørge for rettferdig, upartisk dømming. Dommarane, Tiril Hesjedal Langhelle, Bjørg Haugland og Jane Hesjedal, gjorde eit solid stykke arbeid og ga frå seg ei velformulert, velargumentert premieringsliste der forsøk på bestikkelsar ikkje vart vektlagd når vinnarane skulle kårast. 

 

Under ser de bilete tekne undervegs i konkurransen, nokre av laga sjølve og nokre av tilskodarar.

 

 

Frist for målgang utan å pådra seg minuspoeng var presis 14.00. Etter tre timars iherdig jobbing kom siste lag i mål ca kl 13.59.30, altså ein halv minutt før tida gjekk ut!

Etter målgang var det fritt fram til å forsyne seg med frukt, saft eller vatn i påvente av fintelling av poeng. Deretter gjennomførte vi ein høgtideleg medaljeseremoni med tilhøyrande applaus for dei tre beste laga i kvar klasse. Arrangementet vart avslutta kring 15.00.

Vel møtt til ei ny utgåve av Eivindvik Challenge neste år!

 

 

 

 

Pin It

Vår Facebook

Plain Style

Test

Plain Style

Test

Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com