"Vassverket opp" er ein uhøgtidleg løpskonkurranse som vert arrangert årleg i sommarhalvåret. Løypa går frå vegen nedanfor kommunehuset og opp til toppen ved Vassverket, og alle deltakarar får målt tida si.

Under denne konkurransen vert det trekt ut premiar på startnummeret.

Pin It

I år som i fjor har vi værgudane med oss, og det ligg an til fantastiske forhold under arrangementet. Under finn de utfyllande informasjon om konkurransen;

Konkurransen er open for alle, dei som ynskjer å gå opp utan tidtaking kan møte kl 11.30. Meld frå til oss før du går, så er du med    i trekninga av premiar.

 

- Det vert konkurrert i fire klassar;   Jenter opp til 10 . klasse

                                                               Gutar opp til 10. klasse

                                                               Dameklasse

                                                               Herreklasse

 

- Det vert premiering av alle klassar. I tillegg trekk vi to premiar på startnummeret.

 

- Premiering skjer på Vassverket like etter at løpet er over.

 

- Det vert i år ikkje sal av mat og drikke på toppen grunna Koronaviruset. Ta gjerne med drikke og noko å bite i sjølv.

 

- Påmelding gjerast til Kjetil Rutledal på tlf 99263363 eller på mail Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

   Vel møtt!

   Eivindvik IL

 

 

 

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com