"Vassverket opp" er ein uhøgtidleg løpskonkurranse som vert arrangert årleg i sommarhalvåret. Løypa går frå vegen nedanfor kommunehuset og opp til toppen ved Vassverket, og alle deltakarar får målt tida si.

Under denne konkurransen vert det trekt ut premiar på startnummeret.

Pin It

Totalt 48 personar tok i dag oppfordringa og gjennomførte årets utgåve av Vassverket Opp. Av desse deltok 21 born, ungdom og vaksne i konkurransedelen på tid.

Løpsveret var upåklageleg med rundt 15 plussgrader, flau bris og ei løype fri for knott og andre plageånder.

Det vart sprunge utruleg raskt i alle klassar, og gamle rekordar stod for fall.

 

Resultatlister:

Gutar til og med 10.klasse:

1. Jakop Leknes(Biletet over):  5 minutt og 25 sekund

2. Simen Vilsvik                       :  8 minutt og 24 sekund

3. Markus Vilsvik                     :  8 minutt og 25 sekund

4. Jonas Vilsvik                        :  9 minutt og 41 sekund

5. Viljar Østerbø                      :  10 minutt og 34 sekund

6. Aksel Oddekalv                   :   ---

I denne klassen er det spesielt kjekt å sjå at to 6-åringar stilte opp for å springe på tid. Tøffe gutar!

 

Jenter til og med 10.klasse:

1. Hannah Rutledal(Biletet)    : 6 minutt og 14 sekund

2. Elise Sognefest                     : 7 minutt og 24 sekund

 

Herreklasse:

1. Andreas Ytredal Akse          : 4 minutt og 16 sekund

2. Jarle Leknes                          : 5 minutt og 3 sekund

3. Jørgen Håvåg                        : 5 minutt og 23 sekund

4. Per Ole Mostrøm                   : 5 minutt og 59 sekund

5. Olav Sognefest                      : 6 minutt og 23 sekund

6. Rune Håvåg                           : 6 minutt og 32 sekund

7. Ronny Ingebrigtsen              : 6 minutt og 47 sekund

8. Trond Sleire                           : 9 minutt og 20 sekund

 

Dameklasse:

1. Ane Brekke                             : 5 minutt og 15 sekund

2. Mariann Opdal Elde               : 5 minutt og 31 sekund

3. Una Prestegaard                    : 5 minutt og 54 sekund

4. Nina Rutledal                          : 6 minutt og 13 sekund

5. Elisabeth Rahner                    : 7 minutt og 53 sekund

 Vinnarane av herre- og dameklassen, Andreas Ytredal Akse og Ane Brekke. Så vidt idrettslaget kjenner til har ingen sprunge løypa like raskt før, og vi noterar dermed ny rekord i begge klassar. Gratulerer!

 

Etter premieutdelinga trekte idrettslaget to gåvekort frå XXL mellom samtlege deltakarar. Deese gåvekorta vart vunne av Viljar Østerbø og Alette Leknes.

 

Avslutningsvis ynskjer vi å takke alle som bidrog til å skape eit fantastisk kjekt arrangement i dag. Me sjåast neste år!

 

Pin It
Go to top
JSN Boot template designed by JoomlaShine.com